Meir informasjon om friluftsliv og rekreasjon

Giske kommune har ei rekkje rekreasjonsområde og -tilbod som vert nytta både lokalt og av tilreisande. Nedanfor kan du sjå ei liste over nokre av dei.

Badestrender:

Dei gode sandstrendene er Godøya: Sandvika på  Alnes, Vigra: Blimssanden (WC), Giske: Gjerdesanden ved brua og Øydgardssanden (nordsida). 

Dykking:

Giske kommune har mange gode dykkarplassar. Dei fleste ligg ute mellom holmar og skjer, ein treng båt for å nå desse. Nokre fine og heilt spesielle plassar kan nåast med bil. 

Fuglereservat:

Giske er ein av dei viktigaste ringmerkestasjonane i Europa for vadefuglar. Fjøreområdet ”Makkevika” på 285 mål i nordvest har sandområde, rullestein og våtmark. Her er reservat  for ei mengd vadefugl på veg sør-/ nordover haust og vår. 

Sjøfiske og fiske i fjellvatn:

Fiske etter småørret i Alnesvatnet på toppen av Godøya. Fiskekort. Gode fiskeplassar frå land, nærland og til havs. Februar – april: torskefiske, sommar: sei og makrell. 

Fotturar og fjellturar:

Giske byr på fine turopplevingar langs fjøra, spesielt i ”Makkevika” våtmarksområde med eit yrande fugleliv (reservat) og på Giskesanden. Godøya har gode moglegheiter for fjøreturar langs  Alnessanden på vestsida, og vidare til Juv. Godøyfjellet har merka sti frå Alnes og Juv. Fint turterreng både langs sjøen og over Molnes-fjellet. Den gamle varden er eit godt utsiktspunkt. Fleire turstiar opp, m.a. fin tursti 20 min. gange opp frå Kolvikparken. Sjå også "StikkUT". 

Godøy Kystmuseum:

Museet har ei krigshistorisk samling, fiskerihistorisk  samling og utstilling om gravhaugen Eilefrøysa. Der er og båthus med ein eldre båt. Sommarope.

Alnes fiskevær og fyrtårn: 

Alnes er eit idyllisk lokalsamfunn  ute ved  storhavet med ei god  sandstrand for gode sommardagar. 

Alnes fyr er ope kvar dag i perioden 1. juni – 31. august kl 1200 – 1800. «Tårnutstillinga», permanent utstilling av Ørnulf Opdahl sin kunst i tårnet. Turistinformasjon og ein enkel kafé med servering  i den tidlegare fyrvaktarbustaden.

Giske kyrkje:

Vakker marmorkyrkje frå 11. århundre som vart bygd som familiekapell for ei av Noregs mektigaste familiar. Sommarope med lokal guiding. Inngangsbillett.

Skjonghellaren:

Hole med 38m opning 100m innover i  Valderøyfjellet. Her er funne spor etter gamle steinalder-busettingar etter siste istida då øya  Giske knapt nok var stege opp av havet etter at ismassane forsvann. Funn er og gjort frå 30.000 år gamal fauna. 

Gravrøyser:

Giske er særs rik på gravrøyser  frå steinalder og oppover, m.a. utstilling  på Godøy Kystmuseum. M.a. Mjelthaugen på Giske, Blimshaugen på  Vigra, Kongshaugen på Valderøya og Eilifrøysa  på Godøya. 

 Sjå også www.igiske.no og www.visitgiske.no.