Generell info om koordinerande team

Kven kan ha behov for habilitering og rehabilitering?

Personar som pga. skade eller sjukdom har fått nedsett funksjonsevne og treng bistand i dagleglivet

Personar med kroniske sjukdomar

Personar med medfødt funksjonssvikt

Personar med fysiske, psykiske og sosiale problem

Personar som grunna redusert funksjonsevne treng hjelp til planlegging av ny kvardag, tildømes i overgang frå barnehage til skule, mellom ulike skular, frå skule til arbeidsliv og endring i butilhøve

Mål for habiliterings- og rehabiliteringstenesta i Giske kommune:

Personar med behov for koordinerte tenester veit kvar dei skal vende seg for å få hjelp

Personar med behov for koordinerte tenester opplever tenestetilbodet som samordna, koordinert og individuelt tilpassa

Personar med behov for koordinerte tenester opplever brukarmedverking, og at tiltak og teneste tek utgangspunkt i den einskildes ressursar.

Her finn du oversikt over viktig informasjon om koordinerande team.

 

 

 

 

Kontaktpersonar

Tildelingskontoret i Giske
E-post
Telefon 70 18 81 57