Rustenesta

Den kommunale rustenesta har ansvar for å koordinere og tilrettelegge for individuell tilpassa behandling og rehabiliteringstiltak for rusavhengige.

Tenesta skal sikre hjelp til mennesker med rusmiddelavhengighet gjennom råd, veiledning, hjelpetiltak og behandling. Rustenesta legg sterk vekt på arbeidsretta aktivitet for dei som er friske nok til å arbeide.

Aktuelle tenester:

  • Råd og veiledning
  • Oppfølging
  • Tilvising til poliklinikk eller behandling i institusjon
  • Tverrfagleg samarbeid med andre involverte instansar.
  • Oppfølging både før, under og etter ev. opphald i institusjon eller fengsel.

Hjelp til pårørande

Å vere pårørande til personer med rusmiddelavhengighet kan vere ei stor belastning. Pårørende har eigne rettigheiter når det gjeld oppfølging frå kommune og spesialisthelseteneste. Både fastlege og rustenesta kan tilvise til gruppebehandling og/eller individuelle samtaler frå spesialisthelsetenesta. Dei tilsette i rustenesta må har skrifteleg samtykke for å kunne dele informasjon om den som er rusmiddelavhengig. Du kan kontakte rustenesta for samtaler for din eigen del, og for å formidle informasjon eller bekymring for den rusavhengige. 

Spillavhengighet

Dersom du ønsker behandling for spillavhengighet kan du ta kontakt med Psykisk helse og rustenesta. Du kan og ta kontakt med Hjelpelinjen på tlf.: 80080040/ www.hjelpelinjen.no.

Hjelpelinjen en anonym og gratis hjelpetelefon (vanlig takst frå mobiltlf.) der du kan få gratis råd og hjelp til å handtere din spillsituasjon.

 

Kontaktinformasjon:

Telefon rustenesta:  900 59 100

Ved alvorleg bekymring utanom kontortid må legevakt kontaktast.