Psykisk helse og rustenesta

Utfordringar med psykisk helse, uheldig rusbruk og anna avhengighet kan ramme alle. Det kan vere ulike årsaker til dette, både personlege erfaringar og kriser som rammer. Ein kan ha behov for hjelp i ei avgrensa periode, andre har meir alvorlege og langvarige utfordringar.  

Psykisk helse og rustenesta er eit gratis lavterskel tilbod til alle over 18 år som er bosatt i Giske kommune. Her vil ein få tildelt ein kontaktperson som er ein del av eit tverrfagleg team.

Vi ønsker å hjelpe brukarane til auka sjølvstendighet samt å betre kunne mestre eige liv. Dette meiner vi er viktig for å hindre utvikling av meir alvorlege lidingar. I tillegg har vi fokus på å forebygge psykiske lidingar og uheldig rusbruk.

Tenesta består av:

-          Individuelle samtaler

-          Miljøterapi

-          Meistringskurs

-          Tilvising til behandling ved poliklinikk eller institusjon ved uheldig rusbruk.

-          Tverrfagleg samarbeid med andre involverte instansar.

-          Ivaretaking av pårørande i vanskelege livssituasjonar

 Vi har no og starta et nytt tiltak kalla "Rask psykisk helsehjelp".

Har du utfordringar med rusbruk eller pengespel, eller er du pårørande kan du trykke her, eller gå inn på lenka øverst på sida for å få meir info.

 

Har du behov for tenester frå Psykisk helse og rustenesta?

Du kan be fastlegen din tilvise deg til oss, eller du kan ta kontakt sjølv på telefon: 900 59 100. 

Du kan og sende skriftleg søknad ved å sende

Psykisk helse og rustenesta

Valderhaug 4

6050 Valderøya

Elles kan du legge igjen informasjon i kontaktskjema under, så vil du bli kontakta.

Eg ønsker å bli kontakta

Felt merka med * må fyllast ut

 

Kontaktpersonar

Psykisk helse og rustenesta

Telefonnummer:

900 59 100

Adresse:

Valderhaug 4, 6050 Valderøy