Våre leverandørar

OneCo er vår hovudleverandør innan velferdsteknologi. Oneco er eit industrikonsern med fleire dotterselskap. Deira tankegang er at velferdsteknologi ikkje handlar først og fremst om teknologi, men korleis teknologien kan brukast til å gjere menneske sitt liv enklare og betre. Dei meinar at gjennom velferdsteknologi så får mange ein tryggare kvardag og større moglegheit for auka sjølvhjelp og medbestemming, altså betre livskvalitet. Oneco delar velferdsteknologien i fire hovudkategoriar:

·         Tryggleik og sikkerheitsteknologi

·         Kompensasjons og velværeteknologi

·         Teknologi for sosial kontakt

·         Teknologi for behandling og pleie

OneCo tilbyr løysingar innan alle desse kategoriane og har i tillegg tenestebaserte modular til alle brukarar av velferdsteknologi: heimebuande og deira pårørande, institusjonar og responssentre.

Andelen menneske som treng hjelpemiddel for ein trygg og god kvardag er raskt aukande. Heldigvis er velferdsteknologi også eit raskt vaksande fagfelt. I dag finns det gode løysingar som forbetrar kvardagen for dei som treng ekstra hjelp, og som gjer disse tenestane enklare å tilby for alle tenestytarar. Ei vellukka innføring av velferdsteknologi skjer når utstyr hos brukarar koblast opp mot dei administrative verktøy og prosessane som allereie er i drift hos helseinstitusjonane. Oneco Care som er løysinga som Oneco brukar er ei sky basert løysing utvikla i Nederland. Den oppfyll alle krav med tanke på GDPR og tilbyr lagring av data i Noreg. Løysinga er fleksibel og enkel . Med sentral administrasjon unngår ein separate system for forskjellige bruksområder og tenester. Løysinga er fleksibel og kan ivareta behov både i heim, utandørs og i institusjon. Familie og frivillige kan bidra og engasjere seg dersom det er ynskeleg.

Klikk for stort bilete
 
 
 
 
 
 
Klikk for stort bilete
 
 
 
 
 
 
Klikk for stort bilete