Skifte av analog til digital tryggleiksalarm

Klikk for stort bilete

 

 

 

No startar arbeidet med å skifte ut dei analoge tryggleiksalarmane. Det vil kome nokon heim til dei som har tryggleiksalarm og bytte ut den gamle med ein ny.

Helsedirektoratet har beslutta at kommunane må bytte ut dei analoge tryggleiksalarmane med digitale tryggleiksalarmar. I dag har du fått ein ny digital tryggleiksalarm. For deg vil ikkje det ha så store forandringar. Det som no skjer er at når du trykkar på alarmen vil ein sjukepleiar svare deg. Vi benyttar eit responssenter som heiter Doro responssenter som har 24 timars sjukepleieteneste. Responssenteret vil ta kontakt med di lokale heimeteneste om du har behov for det. Elles vil dei svare deg på det du eventuelt lurar på.

Leverandøren Doro Care tilbyr eit stort produktsortiment innan tryggleiksalarmar og ulike sensorar. Dette er ein leverandør som tilbyr tryggleiksalarmar til mange kommunar i Noreg og Sverige. Tryggleiksalarmen vil auke fleksibiliteten og den individuelle tilpasninga til dei som måtte trenge det. Ein kan koble på ulike sensorar som til dømes røykdetektor, døralarm med meir. Tryggleiksalarmen oppfyll både dagens og morgondagens krav til ein komplett og sikker tryggleiksalarm. Produktet er utvikla for tovegs talekommunikasjon.

Responssenteret er Norges største sentral for mottak av tryggleiksalarmar og dei er opptatt av at brukarane og kommunene skal oppleve kvalitet av deira tenesta.

Meir informasjon om produkta finn du i her https://care.doro.no/

Skulle du ha noko spørsmål kan du ta kontakt med

Gunnhild Vindvik Nordstrand tlf 934 22 779

Vidar Giskegjerde tlf 414 60 423