GPS

GPS er ei løysing med lokaliseringsteknologi. Dette er eit tilbod til personar med orienteringsvanskar og som kan gå seg bort i sitt nærområde og ha vanskar med å finne tilbake til heimen.  For å kunne nytte ein GPS krev det samtykke. Personen som har GPS går med denne og ein definerar kva område som er trygg og utrygt for personen å ferdast i. Når personen er i eit utrygt område sendast det eit varsel til pårørande eller responstenesta. På denne måten får den demente moglegheit til å føle seg fri på ein trygg måte.

Klikk for stort bilete