Digital innbyggerdialog

Digital innbyggerdialog

Helsenorge.no er den digitale inngang til ei samla helse og omsorgsteneste. Der får du informasjon og tenester som hjelp deg til å følgje opp eiga helse. Helsenorge.no er ein sikker kanal for å utveksle informason

På helsenorge.no kan du sende og få meldingar frå helse og omsorgstenesta i kommunen. Du kan sjå avtalar om heimebesøk og du kan få varslar om utførte heimebesøk på tekstmelding eller e-post

       
Her kjem litt informasjon om digital innbyggerdialog via helsenorge.no

 

Dette tilbodet skal sikre at du som får tenester frå kommunen eller er pårørande

  • Enklare kan ha kontakt om det som er viktig for deg
  • Slepp telefonkø
  • Kan skrive og lese meldingar når og kvar det passar for deg
  • Har oversikt over kva du får av hjelp og enklare kan planlegge kvardagen
  • Kan gi beskjed når det er nødvendig og endre eller avbestille avtalar.

Meldingane du sendar på helsenore.no kan erstatte beskjedar og spørsmål som du fram til no har gjort pr. telefon, papir eller andre måtar

  • Når du kontaktar helse og omsorgstenesta i di kommune via helsenorge.no vil dei svare via helsenorge.no
  • Du kan forvente å få svar første virkedag etter at du har sendt ei melding
  • Meldingane frå deg blir berre lest av tilsette i helse og omsorgstenesta som har lov til å sjå opplysningar om deg
  • Du vil få varsel om nye meldingar til deg på tekstmelding eller e-post , avhengig av kva du føretrekk.

Du må logge deg inn på helsenorge.no. Her må du bruke bank ID eller tilsvarande når du loggar inn grunna sikkerheit. For å bruke tilbodet må du ved innlogginga akseptere bruksvilkåra. Frå du aksepterer bruksvilkåra vil det ta ein dag før du kan bruke det nye tilbodet på helsenorge.no Det er og mogleg å gi andre fullmakt til å bruke tilbodet på vegne av deg. Dette kan også gjerast på helsenorge.no. Du avgjer sjølv kva personar du ynskjer å gi fullmakt til. Vi er den første kommunen i Møre og Romsdal som prøvar dette, og vi har stor tru på løysinga. Dette vil både sikre kommunikasjonen og sikkerheita rundt informasjonsflyten. Og det vil gjere kvardagen for innbyggarane enklare. Oslo, Bergen, Gjerdrum, Os og Giske er dei kommunane som har tatt i bruk løysinga.

 

videoar:

https://www.youtube.com/watch?v=ZhU5nwkPbXA

https://www.youtube.com/watch?v=_leqgoeDTQQ