Legevakt og overgrepsmottak

Legevakta i Giske kommune er tilgjengeleg klokka 08.00- 22.00 alle dagar. Frå klokka 22.00-08.00 er det interkommunal legevakt i Ålesund ein må kontakte.

Overgrepsmottaket er lokalisert ved Ålesund legevakt.

Kontakt legevakt
Medisinsk naudhjelp: 113
Giske legekontor: 701 88 500
Ålesund legevakt: 701 43 113
Nasjonal legevakttelefon og overgrepsmottak: 116 117

Legevakt i Giske klokka 0800-2200
Du må ringe for avtale viss du treng kontakt med legevakta i Giske.
Legevakta ligg i lokala til Giske legekontor på Ytterland på Valderøya.
Legekontoret har eigen heimeside: www.legekontoretgiske.no

Treng du legevakt på dagtid på kvardagar bør du kontakta fastlegen din. Viss fastlege ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta må du venda deg til legevakta i den kommunen du oppheld deg i.

Legevakt i Ålesund klokka 2200-0800
Ålesund interkommunale legevakt er legevakt for Giske kommune mellom klokka 2200 og 0800. Du kan ringe eller møte opp utan avtale.
Ålesund interkommunale legevakt ligg ved Ålesund lokalmedisinske senter (tidlegare Åse Sjukeheim) på Åse. Det er sett opp skilting til legevakt.
Legevakta administrerast av Legetjenester og akutt beredskap i Ålesund kommune.  

Overgrepsmottak
Her kan du ta kontakt viss du er utsett for seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar. Tenesta er gratis og uavhengig av om saka vert meldt til politiet. Det er eit tilbod for både menn og kvinner.
Nettstad med meir informasjon: http://www.alesund.kommune.no/tjenester/helse/helsetjenester/legevakt/overgrepsmottak

Kontaktpersonar

Greta Giske
Einingsleiar
E-post
Mobil 905 14 203
Anne-Line Sommerdalen
Kommuneoverlege
E-post
Telefon 70 18 80 00

Kart