Kvardagsrehabilitering

MEISTRING GIR MEINING. Lengst mogleg i eige liv er stikkord for kvardagsrehabiliteringa. Tilbod om kvardagsrehabiliteringa er ei tidsavgrensa rehabilitering i 3-6 veke. Målet er å ha ein intensiv periode med trening for at du skal kunne gjenvinne funksjonsevna di. Med andre ord at du skal klare det du klarte før.
Vi vil hjelpe deg og støtte deg slik at du når dine mål, men du må ville  det. Målet vårt er at du skal kunne klare deg sjølv best mogleg. Vi gir deg: hjelp til sjølvhjelp
 

Kven Passar Inn I Kvardagsrehabilitering:
• Dersom du har hatt eit fall i funksjonsnivå etter eit sjukehusopphald grunna sjukdom/skade
• Dersom du bur heime men ikkje  lenger har same funksjon som før og har vanskar med td personleg stell, matlaging eller andre aktivitetar.
• Dersom du er motivert til å klare deg sjølv i størst mogleg grad
• Dersom du har noko hjelp i kvardagen men ser at du vil trenge meir.
• Dersom du søker på kommunale helseteneste for første gong.
 
Meistring i eige liv:
Dersom du blir med i kvardagsrehabilitering vil eit tverrfagleg team komme heim til deg for ein innledande samtale. Her kjem du og teamet fram til konkrete mål for kva kvardagsgjeremål som du ynskjar å klare sjølv. Kva er viktig for deg. Dette blir nedskrive i ein rehabiliteringsplan.

Måla vil variere  frå person til person. Måla kan vere:
• Å komme inn og ut av senga
• Å dusje/bade seg sjølv
• Å kle på seg
• Å meistre måltidssamanhengar
• Å gå i trapp
• Å handle varer på butikken
• Å gå utendørs
• Å vaske kle
• Å gjenoppta sosiale aktiviteter
• Eller noko anna, som har betydning for DEG

For kvart mål i rehabiliteringsplanen blir det laga ein plan. Kva trening, hjelp og støtte personen skal ha fra kvardagsrehabiliteringsteamet. Og  kva personen sjølv skal gjere for å nå sine mål.

Pårørande spelar ei viktig rolle i forhold til å støtte personen til å nå sine mål. Pårørande er difor velkomne til å ta del i det første møtet med teamet

 

 

Endeleg har balansegruppa starta opp igjen. Balansegruppa er eit tilbod som er retta mot deg som bur heime og ynskjer å vere meir sosial og aktiv saman med andre. Målet med gruppetreninga er at du skal kjenne at kroppen vert sterkare, at du får betre balanse og at du skal føle deg tryggare i daglege gjeremål. Treningsøkta blir leia av fysio og ergoterapeut og bil bestå av styrke og balansetrening. øvingane vi skal gjre kan tilpassast ulike nivå og har som mål at den enkelte skal bli sterkare og stødigare i kvardagen. Etter at økta er ferdig vert det rom for ein kopp kaffi saman med dei andre deltakarane.

For å kunne delta så må du:

  • vere motivert til å trene,
  • kunne gå ca 20 m utan hjelpemiddel og
  • kunne delta tilnærma heile perioden.
  • pris for deltaking som går over 8 gongar er 600 kroner

 

 

Kontaktinformasjon:

 

Gunnhild Vindvik Nordstrand

gunnhild.vindvik.nordstrand@giske.kommune.no

tlf93422779

 

Susanne J Avseth

Fysioterapeut

susanne.jenny.avseth@giske.kommune.no

tlf 417 02 349

 

Åse Haram Roald

Hjelpepleiar

ase.kristin.haram.roald@giske.kommune.no

tlf 91538912

 

Helle Røkke

Ergoterapeut

helle.rokke@giske.kommune.no

tlf 41702361

 

Styrkeøvingar for eldre

Viktige lenker

Ukraina

Kart