Hjelpemiddel

Har du nedsatt funksjonsevne, vore operert eller utsett for skade/sjukdom, kan du få låne tekniske hjelpemiddel. Hjelpemiddel gjev dei som treng det, ein lettare kvardag, og ein kan låne dei for ein kortare eller lengre periode.

Hjelpemiddel ved varig behov (over to år) blir dekt av folketrygda. Kommunen dekkjer utlån ved kortare behov.

Hjelpemiddellageret er ope kvar mandag frå 9-12 og kvar fredag frå 12-15. Kun da. Dersom du treng hjelpemiddel så ta kontakt i god tid i dette tidsrommet. De kan og nytte helsenorge.no innbyggardialog for henvendingar til oss. Utlevering og innlevering av hjelpemiddel skjer i tidsrommet som nevnt ovanfor. De kan kome å hente hjelpemiddelet i skomakarvegen 1, Giske omsorgssenter.

Klikk for stort bilete

Det er kommuna du skal kontakte når du har behov for tekniske hjelpemiddel. Kommuna kartleggjer hjelpebehova dine. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Opplæring i bruk av hjelpemidla, montering og eventuell reparasjon blir vanlegvis utført av kommuna. Når det gjeld hjelpemiddel til varig bruk, sørgjer kommuna for at søknad blir sendt til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket.

All hjelpemidler skal reingjerast før innlevering.

Kontakt oss på tlf 41702349

Du kan og som privatperson søke om hjelpemiddel på nav.no

Kontaktpersonar

Gunnhild Vindvik Norstrand
teamleiar
E-post
Telefon 934 22 779
Vidar Giskegjerde
Hjelpemiddelteknikar
E-post
Telefon 414 60 423
hjelpemiddellageret åpningstid man 9-12, fre 12-15
Hjelpemiddellageret
Mobil 417 02 349

Opningstider

Hjelpemiddellageret er ope kvar mandag frå 9-12 og kvar fredag frå 12-15

Kart