Ergoterapi

Ergoterapeutar legg til rette for aktivitet og deltaking. Ergoterapeuten i kommunehelsetenesta arbeidar med born, vaksne og eldre som opplever varig eller kortvarig funksjonsnedsettingar eller forsinka motorisk utvikling. Ergoterapeutar arbeidar opp i mot rehabiliteringsavdelinga, skular, barnehagar og private heimar. I Giske kommune har vi ein kommunal ergoterapeut i 50% stilling, Tommy Claussen og ein ergoterapeut i kvardagsrehabiliteringsteamet i 100% stilling, Helle Røkke.

Tommy Claussen

tomcla@giske.kommune.no

93422745

 

Helle Røkke

helrok1@giske.kommune.no

41702361

Henvisningsgrunnlaget til ergoterapeuten er:
• Forsinka motorisk utvikling, særleg finmotorikk
• Behov for trening retta mot funksjonar som er grunnleggande for å meistre samansette kvardagsaktivitetar, berøringssans, balanse, handfunksjon, beveging, kommunikasjon, sosial fungering og samhandling.
• Nedsatt arm og håndfunksjon.  Ombygging av heimen grunna bevegelsesvanskar.
• Behov for trening av daglege gjeremål: rehabilitering, barn som har behov for motivering og tilrettelegging for å oppleve meistring av ulike leik aktivtitetar, påkledning, personlig hygiene, spising og liknande
• Behov for større hjelpemidlar, scooter, elektrisk rullestol, kofortrullestol, hjelpemidlar for kommunikasjon /kognisjon, trappeheis og stolar med oppreisningsfunksjon. Dersom du mottek heimesjukepleie er dei ansvarlege for å bestille andre hjelpemidlar. Mottar du ikkje heimesjukepleie hjelper ergoterapeuten deg.
• Livsstilsendring, mellom anna energiøkonomisering, vaneendring og rådgivning om andre helseaspekt.

http://ergoterapeutene.org/

Viktige lenker

Ukraina

Kart