Frisklivsentralen

Klikk for stort bilete Frisklivssentralen hjelper og støttar personar som ønskjer å endre levevanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald eller tobakk, gjennom individuelle samtalar og gruppebaserte tilbod.

Ein treng ikkje å ha ein diagnose eller vere sjuk for å delta i frisklivssentralen. Lege, anna helsepersonell eller NAV kan tilvise deltakarar til frisklivssentralen gjennom frisklivsresepten, men ein kan også kontakte oss på eige initiativ. 

Dei som ønskjer hjelp til å endre levevanar kan ta kontakt med oss, og fysioterapeutane i kommuna vil lage eit opplegg som er tilpassa deg. Frisklivssentralen kan og hjelpe deg å finne ut av tilbod i lokalmiljøet, og kan  gi deg tips om kva som kan passe for deg.                                                                                                                                                    

Kontakt folkehelsekoordinator  Torill Valderhaug for meir informasjon. Tlf. 70 18 81 15