Uteseksjonen

Uteseksjonen er Teknisk eining sin operative utestyrke. Dei som arbeider der gjer alt det praktiske arbeidet med drift og vedlikehald av veg, vatn og avløp.

 

Vakttelefon 900 18 425

Publisert av Bjarte Friis Friisvold. Sist endra 25.01.2016

Dei viktigaste oppgåvene er:

  • Beredskap
    Uteseksjonen har alltid ein på vakt døgnet rundt. Ved feil på tekniske anlegg får vakta automatisk beskjed frå driftssystemet. Ev. får vakta beskjed frå innbyggarane ved at dei ringjer vakttelefonen. Ved alvorlege feil, som f.eks. brot på større vassleidningar, blir arbeidet med reparasjon oppstarta med det same uansett tid på døgnet.

  • Vassbehandlingsanlegget på Alnes
    Uteseksjonen har ansvaret for drift og vedlikehald av dette etter fastsette rutiner inklusive prøvetaking av vatn på ulike plassar rundt på leidningsnettet.

     
  • Røyrleidningsnett
    Vi har både vassleidningar, avløpsleidningar (kloakk) og overvassleidningar. Uteseksjonen driv kontinuerleg med kontroll, reparasjonar, ombygging og utbygging av dette nettet. Alt større arbeide vert utsett på anbod/utført av ulike entreprenørar.

     
  • Kommunale vegar
    Alle kommunale vegar inklusive skilt vert vedlikehalde av uteseksjonen. Til vedlikehaldet høyrer også brøyting og strøing. Dette arbeidet utføres for ein stor del av entreprenørar, etter anbod
    .
  • Miljøstasjonen
    Frå 01.01.15 er miljøstasjonen på Gjøsund drive av ÅRIM. Dei leiger plass og mannskap av uteseksjonen/Giske kommune.

     
  • Kyrkjegardar og grøntanlegg
    Uteseksjonen har ansvar for alt vedlikehald og grasklipping på kyrkjegardane og dei andre grøntanlegga i kommunen samt fotballbaner. Dei har og ansvaret for graving og tilstelling ved gravferd.

Tilsette og hovudfunksjonar

Funksjon

Namn

e-post

Teamleiar

Svein Erik Bakken

seba@giske.kommune.no

Veg og beredskap

Kurt Molnes

kumo@giske.kommune.no

Vatn og beredskap

Bjørn Blindheim

bjbl@giske.kommune.no

Vatn og beredskap

Eirik Vadseth

eiva@giske.kommune.no

Avløp og beredskap

Ivar Rønning

ivar@giske.kommune.no

Avløp og beredskap

Geir Magne Fylkesnes

gmfy@giske.kommune

Park og kyrkjegardar

Ottar Nyhagen

otny@giske.kommune.no

Park og kyrkjegardar

Sigmund Roald

siro@giske.kommune.no

Miljøstasjonen

Torgrim Flem

tofl@giske.kommune.no

Deltid miljøstasjonen

Andreas Molnes

 

 

Elles er alle på uteseksjonen allroundarar slik at alle kan hjelpe til innan alle fag der og når det trengs.

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering