Eigedomsskattekontoret

Eigedomsskattekontoret er ansvarleg for utskriving og handsaming av forhold rundt eigedomsskatten. Alle spørsmål vedr. eigedomsskatt skal rettast hit.

Eigedomsskattekontoret vart etablert i 2014 i samband med at Giske kommunestyre i budsjettvedtak for 2013 (sak 143/13)vedtok å innføre eigedomskatt på alle fast eigedom frå 1. januar 2014.

Skattesatsen vart sett til 2 promille, og kommunestyret vedtok ikkje bruk av botnfrådrag. Det vart ikkje gjort endring i dette vedtaket for utskriving av eigedomsskatt for 2015.

Giske kommune nyttar bustadverdi (formuesgrunnlag) frå skatteetaten som grunnlag for fastsetting av skatten.

Eigedomar som ikkje har bustadverdi (formuesgrunnlag) frå skatteetaten vert takserast i medhald av eigedomsskattelova § 8a-2.  Fritidseigedomar og bustad på landbrukseigedomar vert også taksert. Det same gjeld eigedomar der det berre står garasje, uthus eller naust, samt ikkje utbygde eigedomar.

Bruk av bustadverdi (formuesgrunnlag)

Ved utskriving av eigedomsskatten skal kommunen redusere bustadverdien ved å multiplisere han med 0,80 i år 2015. Skattesatsen er 2 promille.

Eksempel på utrekning av skattegrunnlag for eigedomar med bustadverdi (formuesgrunnlag):

Likningsverdi frå sjølvmeldinga 2013   :                                                Kr.          500.000,-

Bustadverdi (formuesgrunlag)               :  Kr. 500.000,- x 4               Kr.    2.000.000,-

Grunnlag for eigedomsskatt                   :  Kr. 2.000.000,- x 0,80     Kr.    1.600.000,-

Berekna eigedomsskatt for 2015          :  Kr. 1.600.000,- x 2 ‰     Kr.          3.200,-

Sjå informasjonsbrosjyre 2014 - bustadverdi

 

Takserte eigedomar

For eigedomar som skal takserast, er det utarbeida eigne takseringsreglar for arbeidet: «Rammer og retningslinjer for taksering i henhold til lov om eigedomsskatt».

Taksten er gjeldande i 10 år, medan kommunestyret fastset årleg botnfrådrag og skattepromille.  

Sjå informasjonsbrosjyre 2014 – takserte eigedomar

Sjå «Rammer og retningslinjer for taksering»

Klagehandsaming

Om ein bustadeigar meinar utskreven eigedomsskatt er feil, kan ein klage på denne. Reglar for klagebehandling kjem fram i eigedomsskattelova § 19.

Klager som gjeld eigedomsskatt utskreven på grunnlag av bustadverdi (formuesverdi) skal rettast til Skatteetaten:

                Skatteopplysninga, telefon:       800 80 000

                Skatt Midt-Norge, postboks 2060, 6402 Molde

Klager som gjeld takserte eigedomar vert behandla av sakkunnig nemnd. Dersom klaga ikkje vert teken til følge av sakkunnig nemnd, vert saka sendt vidare til sakkunnig klagenemnd.

Klagene vert behandla ut frå Giske kommune sine eigedomsskattevedtekter § 5.3 – 5.5.

Det er viktig å presisere at sjølv om ein klager på eigedomsskatten , skal eigedomsskatten betalast ved forfall. Ved medhald i klaga, skal tilgodehavande betalast tilbake. Eventuelt tilleggsbeløp vert innkravd ved neste faktura.

 

Søknad om fritak

Det kan søkast om fritak for eigedomsskatt. Søknad sendast til Giske kommune v/eigedomsskattekontoret, og vert deretter lagt fram for formannskap og kommunestyre for endeleg vedtak.

 

Kontaktinformasjon:

Giske kommune
Rådhuset, Valderhaug 4

6050 Valderøya

E-post: post@giske.kommune.no

Publisert av Bente Svendsen. Sist endra 25.01.2016
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

økonomimedarbeidar
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering