Bustadkontoret

Bustadkontoret

Her kan du vende deg når du treng hjelp til å søkje om kommunal bustad, startlån, tilskot eller bustønad.

Kommunale utleigebustadar

Alle kan søkje om å leige kommunal bustad. Bustadane er gjennomgangsbustader og blir tildelt etter søknad, av tildelingsutvalet.

Hovudregelen ved tildeling er at det skal leggast vekt på bustadbehovet og dei sosiale forholda til søkjaren.

Førespurnad om ledige bustadar og søknadsskjema skjer til Bustadkontoret.

Startlån og tilskot

Har du vanskar med å kome inn på bustadmarknaden eller å bli buande i bustaden din? Då kan startlån frå kommunen vere ei aktuell låneordning for deg. Startlån er eit finanseringstilbod for deg som ikkje får bustadlån i den ordinære kredittmarknaden.

Kven kan få startlån?

Kommunen kan gi startlån til personar som ikkje får lån i ordinære kredittinstitusjonar, eller ikkje får tilstrekkeleg lån til å finansiere kjøp av bustad.

Startlån vert tildelt etter behovsprøving. Kommunen behandlar søknad og skal vurdere om

  • det er forventa at søkjar har langvarige problem med å finansiere eigd bustad. 
  • søkjar har nytta høve til sparing innanfor dei økonomiske rammer som aktuelle inntekter og nødvendige utgifter til livsopphald gir.

Kravet om at søkjar har langvarig problem med å finansiere eigd bustad, og krav til at søkjar nyttar høve for sparing, kan fråvikast i nokre tilfelle: 

  • når det er born i husstanden, eller særlege sosiale eller helsemessige utfordringar tilrår at det må sikrast ein trygg, god og stabil busituasjon innan kort tid.
  • når husstanden  har problem med å dekke utgifter til å bu, og refinansiering med startlån kan bidra til at husstanden kan bli buande i bustaden sin.
  • når busituasjonen til husstanden gjer det vanskeleg å oppretthalde eit arbeidsforhold, eller hindrar utvikling av det lokale næringslivet.
  • når lånet vil bidra til betre utnytting av kommunalt disponerte bustadar.

Den som får startlån må vere i stand til betene lånet over tid, og framleis ha nødvendige midlar igjen til livsopphald.

Kva kan startlånet nyttast til

  • kjøp av ny eller brukt bustad - det vanlegaste er at privat bank finansierer deler av bustaden og kommunen toppfinansierer med startlån
  • refinansiering av dyre lån for å oppretthalde buforholda
  • utbetring av bustad
  • tilpassing av bustad ved nedsett funksjonsevne
  • oppføring av ny bustad

Det kan søkjast om startlån til ein konkret bustad eller om førehandsgodkjenning. Bustaden skal vere eigna for husstanden, rimeleg og nøktern i forhold til prisnivået i Giske kommune. Det er ein føresetnad at bustaden ikkje er dyrare enn at søkjar kan betale renter og avdrag på lånet, og framleis ha nødvendige midlar igjen til livsopphald.

Søknad
Det er kommunen som tek i mot og behandlar søknadar om startlån. Det er ein føresetnad at du har sjekka kva du kan få i lån i privat bank før du søkjer startlån. Alle inntekter og utgifter må dokumenterast og leggjast ved søknaden før den kan behandlast.

Søknadsskjema finn du på Husbanken sine nettsider eller på servicekontoret i kommunen.

Søknad med dokumentasjon sendast til: Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya.

Tilskot

Husbanken gir tilskot til ulike føremål og målgruppe. Desse tilskota er retta mot privatpersonar. Ta kontakt med bustadkontoret for meir informasjon og rettleiing.

Bustønad

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har lav inntekt og høye utgifter til å bu. Søknadsfrist er den 14. i kvar månad. Kan søkje både på papirskjema og elektronisk.

I linken nedanfor kan du sjekke om du kan få bustønad, samt søke elektronisk.

Bustønad informasjon og søknad

Publisert av Lene Sørensen. Sist endra 25.01.2016
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

Teamleiar tildelingskontoret
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering