Psykisk helse

Psykisk helseteneste

Psykisk helseteneste tilbyr lett tilgjengeleg psykisk helsehjelp til alle innbyggjarane i Giske kommune. Vi gir hjelp til barn, unge, familiar og vaksne med psykiske plager og lidingar. Tilbodet er gratis og utan krav til tilvising. Ved behov for meir omfattande, langvarige og koordinerte tenester vil det vere krav til søknad.

søk her

Tenesta  har tilsette med helse- og sosialfagleg utdanning med vidareutdanning i psykisk helsearbeid og kommunepsykolog.

Psykisk helseteneste til barn og unge

Målgruppe: tenesta retter seg mot barn, unge 0- 18 år og deira familiar. Vi kan  gi individuell oppfølging og familiesamtalar. Vår haldning er at ingen vanskar er for små til at du kan ta kontakt.                           

Kontaktskjema og meir info om tenesta (PDF, 31 kB)

Vi samarbeider tett med helsestasjon, skulehelsetenesta , PPT , fastlegane, barnehagane og skulen og kan tilby vegleiing og undervisning til samarbeidsparter i kommunen.

Helseteneste barn og unge:
Kontaktinformasjon helsetenesta barn og ungeMobil 
Fagkonsulent Mildrid Båtsvik948 19 241
Miljøterapeut Maren Eide941 64 669
Psykolog Signe Sæbø (mandag t.o.m. onsdag)911 43 969
Teamleiar Gretha Giske905 14 203

Psykisk helseteneste til vaksne

Målgruppe: retter seg mot alle vaksne fra 18 år  og oppover.  Vi kan gi tilbod ved lette til moderate plager, samt ved meir alvorlege og langvarige problem.

 Vi kan tilby individuelle- og eller familiesamtalar med fokus på støtte og meistring av ein vanskeleg livssituasjon. Målet er å gi tidleg og lett tilgjengeleg hjelp før situasjonen forverrar seg. Ungdom er ei prioritert gruppe då førebygging og tidleg hjelp kan vere viktig  for framtidig livskvalitet. Pårørande kan også ta kontakt.

Vi har arbeidstid mellom 08.00- 15.30 og du er velkomen til å ta kontakt. Dersom du ikkje får svar kan du legge igjen beskjed på SMS/ e-post , eller gi beskjed til servicekontoret på tlf. 70 18 80 00.

Helsetenesta vaksne:
Kontaktinformasjon helsetenesta vaksneMobil
Psykiatrisk sjukepleiar Britt Hauge992 56 776
Miljøterapeut Ellinor Aaram941 57 898
Teamleiar Gretha Giske905 14 203

 

                                                                                                      

Kart
Giske rådhus

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Helen Gjerde. Sist endra 15.09.2017
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

Teamleiar
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering