NAV Giske

navlogo.png - Klikk for stort bilete

NAV har klar fokus på arbeid og aktivitet. Arbeid gir god helse og NAV har mange verkemiddel for  at du skal nå dine mål om arbeid og aktivitet.

NAV Giske ligg i Giske rådhus

Opningstida er: kl.10.00-14.30 Telefon: kl. 08.00 – 15.30

Telefon 55 55 33 33 . Faks 74 73 36 21

Hovedmålet til NAV er: Fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad

Arbeid

Som innbyggjar i Giske har du tilgang til ein stor arbeidsregion. Du har lett tilgang til Ålesund via undersjøiske tuneller og til Hareid/Ulstein via hurtigbåt frå Valderøya.

Registrer deg som arbeidssøkjar på www.nav.no og du blir tilgjengeleg for søk frå arbeidsgjevere, og profilen din kan matche mot ledige stillinger i stillingsbasen til NAV.

 

Arbeidssøking og rekruttering

Dersom du søkjer arbeid, kan du få informasjon om ledige stillinger og hjelp til å søke hos NAV.

NAV kontoret ligg i 2.etasje i Giske Rådhus. Ansvaret for arbeidsformidlinga ligg hos NAV.

Som arbeidsgjevar kan du også få bistand frå NAV i høve til rekruttering, dette gjeld også rekruttering frå utlandet der NAV Eures kan hjelpe til.

Både arbeidssøkjarar og arbeidsgjevarar kan registrere seg på NAV sine heimesider. Linkane på høgre side kan gje svar på aktuelle spørsmål. Sjå jobbsøkjartips og informasjon om rekruttering.

 

Økonomiske ytingar

Gjennom livet er ein i ulike livsfasar der ein treng økonomisk hjelp frå kommunen, råd og rettleiing i vanskelege økonomiske tider og /eller ha rettar i høve trygdeytingar.

I tillegg til å ha behov for økonomiske ytingar kan det vere like viktig med tiltak som kan gjere deg sjølvhjelpen over tid.

Ulike tiltak kan vere:

  • Kvalifiseringsprogrammet
  • Økonomisk stønad (sosialhjelp)
  • Økonomisk rådgjeving
  • Råd og rettleiing
  • Midlertidig butilbod (naudbustad)

 

Gjeldsrådgjeving og økonomisk rådgjeving

Kommunen gjev økonomisk rådgjeving til personar med betalingsproblem eller gjeldsproblem. Tenesta ligg til NAV kontoret.

Rådgjevinga kan vere hjelp til å sette opp eit budsjett, råd til forhandlingar med kreditorar og hjelp til å søke om betalingsavtale eller gjeldsordning.

 

Helse- og omsorgstenester for rusmisbrukarar

Ansvar for tenester til rusmiddelmisbrukarar i Giske er lagt til NAV . NAV har veileder for oppfølging og miljøterapeut. NAV sin telefon  for kontakt med rustenesta er 41 64 16 40.

Rustelefonen  for  spørsmål : 08588

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 30.09.2015
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

Einingsleiar
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering