Logoped

talking.jpg - Klikk for stort bilete

LOGOPEDTENESTA I GISKE skal syte for at barn, unge og vaksne med språkvanskar, talevanskar eller  tale- lese- og skrivevanskar får ei best mogleg hjelp til å utvikle gode kommunikative ferdigheiter. 

PROFESJONSSAMARBEID.

Der det er nødvendig, samarbeider logopeden med andre profesjonar som lege, psykolog, første- og andrelinetenesta og andre ut frå behovet i kvar sak. Logopeden arbeider både tverrfagleg og tverretatleg.

KVA ER LOGOPEDI?

Logopedi er eit fagområde som rettar seg mot språk / tale / kommunikasjon. Evna til å utvikle språk og tale er eit av dei grunnleggande behova til mennesket. Ein kan møte vanskar med språket og /eller talen. Vanskane kan vere medfødde, eller kan kome som fylgje av ein sjukdom eller ein skade. Vanskar kan vere:

  • sein eller avvikande språkutvikling
  • uttalevanskar (dysartri /motorisk talevanske)
  • artikulasjonsvanskar
  • spesifikke språkvanskar
  • stemmevanskar/vanskar med å bruke stemma
  • stamming /løpsk tale
  • afasi (språkvanskar etter hjerneslag)
  • dysfagi (svelgvanskar)
  • lese- og skrivevanskar

Logopeden arbeider direkte med vanskane på ein praktisk måte. Logopeden skal forebygge, diagnostisere, rettleie, tilrettelegge og fylgje opp tiltaka i fagfeltet.

KVEN KAN TA KONTAKT MED LOGOPEDEN?

Barn, unge og vaksne med språk- talevanskar, lese og eller skrivevanskar. Logopeden skal i tyngda gi hjelp til dei som har store språk- og talevanskar.

KVEN MELDER EIT BEHOV TIL LOGOPEDEN?

  • Foreldre kan ta direkte kontakt skriftleg eller på telefon. Bruk gjerne skjemaet som du finn på denne sida.
  • Skulane, barnehagane og helsestasjonen i kommunen kan melde behov, men først må dei be om samtykkeunderskrift til føresette/verge. Bruk skjema de finn på denne sida.
  • Vaksne kan ta direkte kontakt eller bli tilvist frå lege.

Ta kontakt med sentralbordet på Giske rådhus, tlf. 7018 8000 eller send skriftleg tilmelding til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya.

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

Logoped
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering