Koordinerande team

Koordinerande team er ein instans som personar med behov for habilitering / rehabilitering kan ta kontakt med.

I følge føreskrift om habilitering og rehabilitering §6, skal alle kommune ha ei koordinerande eining for habilitering og rehabilitering.

 

koordinering.jpg - Klikk for stort bilete

 

Kva kan koordinerande team hjelpe deg med?

  • Oversikt over kva tenester som er tilgjengelege i Giske kommune og formidle kontakt med tenester som er aktuelle i din situasjon
  • Koordinere tenestetilbodet innanfor habilitering og rehabilitering, mellom kommuneale og statlege tenester, til dømes sjukehus
  • Ta imot melding om / gjere vedtak om individuell plan
  • Tildele brukarkoordinator

Kven kan ha behov for habilitering og rehabilitering?

  • Personar som pga. skade eller sjukdom har fått nedsett funksjonsevne og treng bistand i dagleglivet
  • Personar med kroniske sjukdomar
  • Personar med medfødt funksjonssvikt
  • Personar med fysiske, psykiske og sosiale problem
  • Personar som grunna redusert funksjonsevne  treng hjelp til planlegging av ny kvardag, tildømes i overgang frå barnehage til skule, mellom ulike skular, frå skule til arbeidsliv og endring i butilhøve

 

Mål for habiliterings- og rehabiliteringstenesta i Giske kommune:

  • Personar med behov for koordinerte tenester veit kvar dei skal vende seg for å få hjelp
  •  Personar med behov for koordinerte tenester opplever tenestetilbodet som samordna, koordinert og individuelt tilpassa
  • Personar med behov for koordinerte tenester opplever brukarmedverking, og at tiltak og teneste tek utgangspunkt i den einskildes ressursar

 

Adressa til koordinerande team:

Koordinerande team
Rådhuset 
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Tlf. 70 18 80 00

 

 

Kart
Giske rådhus

 

 

Tildelingsteamet har ansvar for koordinerande team:

Saksbehandlar 1: 70 18 81 57

Saksbehandlar 2: 70 18 81 58

Teamleiar 70 18 82 40

 


Øvrige i koordinerande team:


Johanne Røsvik Synnes, leiande helsesøster
Anne Marta Kringstad, konsulent for funksjonshemma
Nina Mildrid Sæther, teamleiar omsorg
Roger Solem, NAV Giske
Gunnhild Vindvik Nordstrand, fysioterapeut

Publisert av Helen Gjerde. Sist endra 08.02.2017
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

Teamleiar tildelingskontoret
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering