Fysio- og ergoterapitenesta

Fysio og ergoterapitenesta er ein del av Giske kommune sitt helsetilbod. Målet for tenesta er å bidra til at born og vaksne mest mulig sjølvstendig skal kunne meistre kvardagen og delta i samfunnet elles.

For å nå målet samarbeidar vi med barnehage, skule, helsestasjon, ppt, barnevern, fastlegar, psykiske helse, omsorgsdistrikta og spesialisthelsetjenesta. Tenesta gir tilbod til brukarar i heile livsløpet.

Tenesta har 3 kommunale fysioterapeutar. I tilegg har vi 2 fysioterapeutar med driftstilskot.

Fysio- og ergoterapitenesta held til i Giske omsorgssenter.

Kva er fysioterapi

Fysioterapeutar sitt kunnskapsfelt er kropp, rørsle  og funksjon. Fysioterapeuten har brei kunnskap om bevegelsessystemet si oppbygging og funksjon hos frisk og sjuk og om korleis fysiske, psykiske og sosiale faktorar bidreg til helse og sjukdom. Hensikta med fysioterapi er å optimalisere livskvalitet og bevegelsespotensial innanfor helseframande, førebyggande, behandlande og rehabiliterande/habiliterande virksomheit. Fysioterapeutar brukar kroppslege innfallsvinklar og ulike metodar og tilnærmingar for å stimulere til læring og endringsprosessar som kan bidra til best mogleg funksjon. Vi arbeidar utifrå kunnskapsbasert og erfaringsmessig praksis for å gi best mogleg kvalitet til pasientane.

Vi deler fysioterapien inn i ein kommunal del og ein privat del. Vi har ei fordeling ved at born og unge, samt dei over 75+ går til dei kommunale. I tilegg gir vi tilbod til kvinner med bekkensmerte og menneske med cancer.  Personar i alderen 18-75 går til dei private fysioterapeutane.

Målgruppe

  • Målgruppa er personer med behov for fysioterapi pga nedsett funksjonsevne, sjukdom eller skade.
  • Det er fysioterapitenesta eller legen din som på grunnlag av faglege vurderingar fastset behovet.
  • Du kan få fysioterapiteneste uavhengig av om du bur heime eller på institusjon.
  • Bur du heime, kan du få tilbod om fysioterapi i heimen viss du av ulike årsaker ikkje er i stand til å oppsøkja fysioterapeut.

Vilkår

Tenesta er lovpålagd.  

Handsaming

Relevante lover/linkar:

Folketrygdloven § 5-8
Pasientrettighetsloven kap. 7
Forskrift for sykehjem... § 2-1
Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende (...) § 2-1

Fysio.no
 

Klage

Dersom du meiner at du ikkje mottek nødvendig helsehjelp fra kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova påklaga dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du beskriva kva du klagar over, kva du ønskjer endra og grunngjevinga for dette. Kommunen vil kunna gje deg rettleiing. Klagen skal sendast til den instansen i kommunen som har behandla saka. Opprettheld kommunen avgjerda si, vert klagen videresend til Helsetilsynet i fylket.
Som mottaker av helsetenester kan du etter pasientrettighetslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast til kommunen eller direkte til tenesteyteren slik at saka om mogeleg kan løysast på lågaste nivå.

 

Kommunale Fysioterapeutar:

Gunnhild Vindvik Nordstrand (Teamleiar)
guvn@giske.kommune.no
Tlf 93422779

Asbjørn Røsvik
asbr@giske.kommune.no
Tlf 91820804

Marcus Megrund
mame@giske.kommune.no 
Tlf. 93421012

Christian Gjerde
Tlf:91610051

 

Marita Longva
 
Magna Tomren
Tlf  90405550

 

Fysioterapeutar med driftstilskot:
 

Giske Fysio og Manuellterapi

Gurcharan Singh Gulati
gulati@mimer.no 
Tlf 70 18 25 06

 

Valderøy Fysioterapi

Håkon Sletta
70 18 20 70

 

Kva er ergoterapi

Vi har pr idag 17 prosent kommunal ergoterapeut. Ingvild Vikestrand Strange er vår ergoterapeut og ho ho har kontortid kvar fredag.

Ingrid Festø
Tlf:93422745

 

Ergoterapeutar legg til rette for aktivitet og deltaking. Ergoterapeuten i kommunehelsetenesta arbeidar med born, vaksne og eldre som opplever varig eller kortvarig funksjonsnedsettingar eller forsinka motorisk utvikling. Ergoterapeutar arbeidar opp i mot rehabiliteringsavdelinga, skular, barnehagar og private heimar.

Henvisningsgrunnlaget til ergoterapeuten er:

  • Forsinka motorisk utvikling, særleg finmotorikk
  • Behov for trening retta mot funksjonar som er grunnleggande for å meistre samansette kvardagsaktivitetar, berøringssans, balanse, handfunksjon, beveging, kommunikasjon, sosial fungering og samhandling.
  • Nedsatt arm og håndfunksjon.  Ombygging av heimen grunna bevegelsesvanskar.
  • Behov for trening av daglege gjeremål: rehabilitering, barn som har behov for motivering og tilrettelegging for å oppleve meistring av ulike leik aktivtitetar, påkledning, personlig hygiene, spising og liknande
  • Behov for større hjelpemidlar, scooter, elektrisk rullestol, kofortrullestol, hjelpemidlar for kommunikasjon /kognisjon, trappeheis og stolar med oppreisningsfunksjon. Dersom du mottek heimesjukepleie er dei ansvarlege for å bestille andre hjelpemidlar. Mottar du ikkje heimesjukepleie hjelper ergoterapeuten deg.
  • Livsstilsendring, mellom anna energiøkonomisering, vaneendring og rådgivning om andre helseaspekt.
Kart
Giske omsorgssenter

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Helen Gjerde. Sist endra 03.10.2017
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

Teamleiar Fysio/ergo
Artikkel
Eksterne lenker
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering