Folkehelse

God helse.jpg - Klikk for stort bilete

Folkehelsearbeid er samfunnet sin samla innsats for å styrke dei faktorane som direkte eller indirekte fremmer helse og trivsel i befolkninga, samt å svekke faktorar som medfører helserisiko. Det overordna målet i folkehelsearbeidet er fleire leveår med god helse, samt å redusere sosial ulikskap i helse.

Folkehelse blir skapt på ulike arenaer og vert påverka av blant anna oppvekst, bumiljø, utdanning, inntekt, arbeid og livsstilsvalg.

Partnerskapet God Helse

Giske kommune vedtok hausten 2014 at folkehelse er eit av fire gjennomgåande perspektiv i kommuneplanens samfunnsdel – Vi skal med andre ord tenke folkehelse i alt vi gjer.

Giske kommune har sidan 2010 vore med i partnarskapet God Helse, Møre og Romsdal fylkeskommune. Regional delplan for folkehelse har seks satsingsområder

1. Samfunnsutvikling for ein god start i livet
2. Helsevenleg arbeidsliv
3. Samfunn som fremmer aktiv, trygg og frisk alderdom
4. Trygt og helsefremmande fysisk miljø
5. Inkludering og deltaking i frivillige organisasjonar
6. Organisering og samhandling, eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid

Lov om folkehelse

Folkehelselova legg til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid, og handlar om det kvar einskild av oss, kommunen og samfunnet kan gjere for at vi skal få eit sunnare og friskare folk. Folkehelselova legg ansvaret for folkehelsearbeidet på heile kommunen.

Folkehelsekoordinator

Giske kommune har sidan 2010 hatt folkehelsekoordinator tillsett i 50 % stilling. Folkehelsekoordinator er tilsett i Rådmannens stab, og arbeider både med forankring av folkehelsearbeidet og konkrete tiltak.

Ta gjerne kontakt med folkehelsekoordinator Torill Valderhaug om du har spørsmål eller forslag til tiltak. Telefon 70 18 81 15, e-post tval@giske.kommune.no.

Publisert av Helen Gjerde. Sist endra 30.05.2015
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

Folkehelsekoordinator
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering