Politisk organisering i Giske

Politisk organisering vedteken 24.09.2015 - Klikk for stort biletePolitisk organisering vedteken 24.09.2015

 

Giske kommunestyre vedtok 24.09.2015 i sak 071/15 følgjande politisk organisering:

"Det skal veljast tre komitear:

  • Komite for oppvekst og kultur
  • Komite for helse og omsorg
  • Komite for miljø og tekniske saker
Kvar komite skal ha 7 medlemmer. Det skal vere gjennomgåande representasjon, men nokre varamedlemmer må nyttast. Minst ein medlem skal vere frå formannskapet.
 
Rådmannen får fullmakt til å justere delegeringsreglementet i tråd med vedtaket."
 
 
Komitèane sine oppgåver er å stå føre den politiske førebuinga av saker som skal til kommunestyret.

Kommunestyret har 23 medlemmer. Formannskapet har 7 medlemmer, og der partsamansett utval er lagt til formannskapet.

Skal Giske kommune klare å oppfylle målsetjingane sine, så krev dette at at kommunen sin organisasjon til ei kvar tid er tilpassa oppgåvene.

Både kommunesektoren og oppgåvene er i stadig endring, t.d. ved at nye oppgåver blir pålagt kommunane. Kommuneadministrasjonen skal yte god service overfor innbyggarane og dei folkevalde organa. Politikarane skal sikrast gode og fullstendige saksutgreiingar og ei effektiv oppfølging av alle vedtak. Målsetjingane vert gjort nærare greie for i kommuneplanen
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering