Vaksenopplæring

Kommunen har ansvaret for opplæring i norsk og samfunnsfag for innvandrarar og for grunnskuleopplæring for vaksne. 

Eksamensretta grunnskuleopplæring

Opplæringa er gratis. Søknad om grunnskuleopplæring skal sendast til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya. Du finn søknadsskjema på denne sida. Skjemaet må skrivast ut og fyllast ut for hand. Undervisninga skjer ved Ålesund Voksenopplæringssenter i Parkgata 11,

Spesialundevisning for vaksne

Vaksne som ikkje har tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, og vaksne som har særlege behov for å utvikle eller halde ved like grunnleggande dugleik, har rett til spesialundervisning, jamfør opplæringslova § 4A-2

Norsk og samfunnsfag for innvandrarar

Utlendingar mellom 16 og 55 år kan ha rett til gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Det er grunnlaget for opphaldsløyvet som avgjer kven som har rett til gratis opplæring. Nokre utlendingar, hovudsakleg frå EU/EØS-området, må betale for denne opplæringa. Les meir her.

Opplæringa er lagt til tidlegare Valderøy barneskule, administrasjonsfløya, og blir utført av Folkeuniversitetet. 

Ta kontakt med Else Marie Skaar, tlf. 458 00 284, eller send ein epost til Else.Marie.Skaar@folkeuniversitetet.no for å avtale ein registreringssamtale. 

Kart
Norskopplæring i Giske

Valderhaug 35

6050 Valderøya

Sist endra 16.08.2016
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

bilde av personen: Lene Bjørlo Overå
Kommunalsjef
Pedagogisk konsulent
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering