Skulehelsetenesta

 

Skulehelsetenesta i Giske kommune er lagt opp etter føreskrift av 3 april 2003 om kommunen si helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjon og skulehelseteneste. Helsesøster har ansvaret for skulehelsetenesta og kommuneoverlegen er medisinsk fagleg rådgivar. Helsesøster har fast tid på skulen og legeundersøking blir tilbode ved skulestart. 

Målet  for tenesta er å fremme helse og utvikling i oppvekståra. Den skal i samarbeid med heim ,skule og hjelpeapparat ,arbeide for å identifisere og løyse  dei helseproblem som spesielt knyt seg til skuleeleven sin situasjon. Skulehelsetenesta skal arbeide for at  elevane går ut av skulen med ei så god helse som mogleg og med ei åtferd som påverkar helse , livsstil og livskvalitet i ei positiv retning.

Helsesøstrene  har trefftid på skulane og har faste dagar ho er på skulen. Foreldre , elevar og lærarar kan ta kontakt.

 

OVERSIKT

5ÅR  :    Skulestart undersøking med helsesøster og lege på helsestasjonen. Motorisk test, hørselstest, vekst og somatisk  helseundersøking. Haldningsskapande arbeid med helseopplysning om diverse tema. Foreldre vegleiing. Spørjeskjema  til foreldre i forkant om helse og trivsel til borna.

2 KL: Vaksine DTP-IPV   mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio .Vekstmåling med oppfyljing ved behov. Målretta helseundersøking m/foreldre på helsestasjonen     Legekontroll v/ behov. Spørjeskjema til foreldre i forkant, om helse og trivsel til borna.

3KL : Undervisning på skulen med helseopplysning i grupper om eigenomsorg og personleg hygiene, Kosthold -matpakke, Ulykke –skade –skulemiljø , Sosialt nettverk – skulemiljø , Fysisk aktivitet.  Vekstmåling av alle på skulen.

5KL : Helseopplysning i grupper om : Pubertetsutvikling , helse, kost, livsstil og eigenomsorg. Tobakk og rus . Fysisk og psykisk helse. 

6KL :  Vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar. MMR vaksine.

7KL:  Vaksine  HPV til alle jenter mot livmorhalskreft. 3 doser med 0-2-6 mnd mellom.

8KL:    Målretta helseundersøking av enkelte elevar på bakgrunn av tidlegare funn eller  behov. Vekstmåling av alle med tilbod om oppfølging. Helseopplysning i grupper om: Tobakk  - rus , Smittsame sjukdomar og vern mot desse, Ungdom i utvikling og pubertet, psykisk og fysisk helse, ernæring og eigenomsorg 

9KL: Psykisk helse  Undervisning v/behov.

10KL:  Helseopplysning  i grupper om: Forplantningslære, Prevensjon, seksualitet og SOS.  Fysisk og psykisk helse. Vaksine mot poliomyelitt, kikhoste, difteri og stivkrampe.

I alle klasser blir enkeltelevar fylgt opp ved  behov. Andre aktuelle tema enn nemnt her, kan undervisast i. ved ynskje.

Publisert av Helen Gjerde. Sist endra 25.05.2015
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

Teamleiar/helsesøster
  • Tlf: 70188000/70188127
  • E-post:  
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering