Skule

IMG_9973-r.jpg - Klikk for stort bileteIMG_9973-r.jpg

Grunnskule

Giske kommune har barneskular på alle øyane og ungdomsskule på Godøya og Valderøya. Du finn linkar til alle skulane i høgremenyen på denne sida.

Innskriving av elevar

Innskriving til første klasse skjer som regel tidleg i februar. Barn som fyller seks år i det aktuelle året og som har folkeregistrert bustadadresse i Giske, får tilsendt brev frå skulen. Dei som ikkje mottek brev, må ta kontakt med skulen eller med Giske kommune.

Når elevar flyttar til kommunen, skal den skulen eleven kjem frå sende flyttemelding til Giske kommune. Vi ber om at de sjølve kontaktar skulen eller Giske kommune så snart det er bestemt at de skal flytte til kommunen.

Krinsdeling

Det er ikkje fritt skuleval i Giske kommune. Barn går normalt på barneskulen på den øya der dei bur. Elevar frå Giske og Godøya går ungdomsskulen ved Godøy skule. Elevar frå Vigra og Valderøya går ungdomsskulen ved Valderøy ungdomsskule. Dersom det er særlege grunnar til at ein ønskjer å gå ved ein annan skule enn den ein soknar til, må ein søkje kommunen om å få byte skule. Sjå opplæringslova § 8-1.

Skulefritidsordning - SFO

Det er skulefritidsordning ved alle skular med småtrinn (1.-4. klasse). Sjå eigen artikkel der du også finn søknadsskjema.

 

Sist endra 13.01.2017
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

bilde av personen: Sindre Røsvik
Ass. rådmann
Pedagogisk konsulent
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering