Skulefritidsordninga

Barn i disse - Klikk for stort bilete

Alle barneskulane har skulefritidsordning for elevar frå 1. til 4. klasse og for barn med spesielle behov i 1. til 7. klasse. Rektor er ansvarleg for skulefritidsordninga.

SFO er open frå klokka 07.15 til 16.45 (16.30 på Alnes).

Du søkjer om plass i SFO via Oppvekstportalen (sjå link). Du treng ikkje logge på for å søkje plass, men du må logge på for å bekrefte at du tek mot plassen. Du må også logge på for å endre opphaldstid og timeplan eller seie opp plassen. Pålogging skjer via ID-porten (MinID, BankID, Commfides eller Buypass).

Hugs at du må søkje SFO på nytt for kvart år.

Alle dei faste tilboda gjeld plass i SFO på dagar med undervisning. Dersom du ønskjer plass i SFO på skulen sine fridagar, må du melde deg på til dei fristane SFO fastset.

Frå hausten 2017 blir det oppretta tilbod om opphald i elleve månader i SFO. Ordninga med opphald i ti månader og ferieordning fell då vekk. Dei som har SFO-tilbod skuleåret 2016-17, får høve nytte seg av tilbodet i vinterferien og etter skuleslutt i sommarferien. Dei som nyttar seg av dette tilbodet, må melde seg på til SFO-ordninga ved skulen, og betaler då for heile juni. Dei som ikkje nyttar seg av ferietilbodet, betaler for halve juni. (jf. vedtak i Giske kommunestyre 15.12.2016, sak K-092/16.

Opphaldstider og prisar for SFO
Opphaldstider og prisar for SFO
OpphaldstidPrisPris med søskenmoderasjon
5 dagar heil plasskr. 2.715kr. 2.036
4 dagar heil plasskr. 2.175kr. 1.631
3 dagar heil plasskr. 1.625kr. 1.219
Berre ettermiddag (5 dagar)kr. 2.070kr. 1.553
Berre morgon (5 dagar)kr. 710kr. 533
Kjøp av dagkr. 240kr. 180
Ferieordning - per dag (Sjå over)kr. 455kr. 341
Kjøp av ferieveke (Sjå over)kr. 1.140kr. 855
Kjøp av timekr. 60
Prisane gjeld frå 1. januar 2016. Kostpengar blir betalt direkte til den einskilde skulefritidsordninga.

 

sommerfugl.png

Hypernet direkte

Giske kommune innfører no Hypernet direkte for alle skulefritidsordningane. Dette er ein modul for meldingar mellom SFO og foreldre. Når du har fått brukarnamn og passord frå SFO, kan du logge inn direkte på www.direktesfo.no, eller du kan laste ned appen "Hypernet direkte foreldre" for Android eller iPhone.

Sist endra 06.02.2017
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

Pedagogisk konsulent
Sakshandsamar
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering