Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT)

spesped.png - Klikk for stort bilete

 

PPT er ei rettleiingsteneste for skule, barnehage og foreldre og skal vere eit støtte og hjelpeapparat for desse. PPT sine oppgåver er heimla i Opplæringslova. Opplæringslova skisserer eit todelt mandat. PPT skal arbeide mot barn/elevar med særlege behov, men skal også bistå skular i arbeidet med kompetanse og organisasjonsutvikling for å legge opplæringa betre til rette for barn/elevar med særlege behov.

I arbeid med enkeltbarn arbeider PPT med å samle informasjon gjennom samtale med foreldre, tilsette i skulen/barnehagen evt barnet sjølve, observasjon og evt testing. Etter kartlegging utarbeidar PPT ei sakkunnig vurdering som seier noko om kva skulen/barnehagen kan gjere for å leggje best mogleg til rette for barnet/elev si utvikling i barnehagen/skulen. PPT gjer ingenting utan å innvolvere og informere foreldre.

PPT får dei fleste henvendingar frå barnehage, skule og helsestasjon, men foreldre eller eleven sjølve kan også søke hjelp ved å ta kontakt med kontoret. Henvisninga skal alltid skje i samarbeid med foreldre, ingen kan henvise PPT utan foreldre sitt samtykke. I Giske kommune er førskuleteamet organisert inn under PPT. Førskuleteamet kjem i dei fleste tilfelle inn når eit barn etter sakkunnig vurdering og enkeltvedtak er gitt ein rett til spesialpedagogisk hjelp. Teamet gir også veiledning til barnehagane og foreldre i samband med barna dei arbeider i forhold til.

Tenesta er gratis og du kan ta kontakt med dei tilsette mellom 08.00 og 15.30. Dersom du ikkje får svar kan du legge igjen beskjed til servicekontoret på tlf 70188000 og vi vil ringe deg opp igjen.

 

Rådgjevare i PPT er:

Teamleiar Ingvill Haram tlf.70188054

Arne Opheim: tlf. 70188056

Gro Nærø: tlf. 70188058

Kari Godø Sæther: tlf. 70188135

Nina Nordmark: tlf. 70188117

Sonja Hellevik: tlf.70188056

 

Tilsette i førskuleteamet:

Elisabeth Lunde: tlf.70188113

Inger Magelsen Godø: tlf.70188057

Janne Britt Vingen: tlf. 70188081

Julie Sæther: tlf.70188119

Monika Tusvik Hjelle: tlf.70188057

Publisert av Helen Gjerde. Sist endra 15.09.2016
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

teamleiar PPT
Eksterne lenker
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering