Barnevern

Barneverntenesta skal sikre ar barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får naudsynt hjelp ,  omsorg og trygge oppvekstvilkår. Barneverntenesta gjev tenester til alle born og unge frå 0-18 år og deira familier som bur i Giske kommune. Når barnet samtykkjer, kan barneverntenesta oppretthalde hjelpetiltak inntil barnet har fylt 23 år.

Giske barnevernteneste har telefontid mandag- fredag frå kl. 12.00- 15.30 og har kontor på rådhuset.

Utanom telefontid, ring sentralbordet på tlf. 70 18 80 00, og legg igjen beskjed.

Dersom du er uroleg for eit barn, ring sentralbordet for å bli sett over til barnevernet. Du kan  også  ringe sentralbordet for å bli sett over  utanom telefontida.

Bekymringsmelding (PDF, 29 kB)     Rapport frå besøksheim (PDF, 20 kB)

 

 

Alarmtelefonen barn og unge :  116 111

 

Familievern

Familievern gir råd og rettleiing om samlivsproblem. Tilbodet er gratis, og du kan sjølv ta direkte kontakt med ditt næraste familievernkontor som held til i Langelandsveien 17, 6010 Ålesund.    www.bufdir.no

Publisert av Gretha Giske. Sist endra 10.11.2015
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

Einingsleiar
teamleiar barnevern
Rutine
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering