Barnehage

barnehagebarn.png - Klikk for stort bilete

 

Giske kommune har åtte barnehagar - to kommunale og seks private. Søknad om plass i barnehage skjer elektronisk via samordna opptak både til kommu­nale og private barnehagar.

Samordna opptak

I Giske kommune har vi samordna opptak via oppvekstportalen. Søknads­frist for hovud­opptaket er 1. mars. Alle godkjende barnehagar skal vere med i sam­ordna opptak, jf barne­hage­lova §12. Det er felles søknads­skjema for alle barne­hagane. Kommunen har opp­taks­møte i mars/april. Det er også høve til å søkje om plass etter fristen. Desse søkjarane får tildelt plass dersom det er ledige plassar eller dei blir sett på venteliste.

Søk barnehage

Dei som alt har plass i barnehage beheld plassen fram til sommaren før barnet skal starte på skulen. Dei som har søkt, men ikkje fått plass, må søkje på nytt innan søknadsfristen. Også dei som har plass i ein barnehage, men ønskjer overflytting til ein annan barnehage, må søkje om dette i oppvekstportalen innan fristen. Dei som vil søkje endra opphaldstid må også levere ny søknad.

Prioritet ved opptak

Barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak for skal prioriterast først ved opptak. Deretter er det opptakskriteria i vedtektene til den enkelte barnehagen som skal leggast til grunn ved opptak av barn. Opptakskriteria for dei private barnehagen finn du på deira heimesider eller ved å ta kontakt med den aktuelle barnehagen. 

Lovfesta rett til barnehageplass

Alle barn som fyller eitt år seinast 31. august i søknadsåret og som søkjer innan fristen 1. mars, har lovfesta rett til barnehageplass.

Klagerett

I hovudopptaket har dei som får avslag eller ikkje får oppfylt første eller andre prioriteten sin klagerett. I supplerande opptak har søkjarar med lovfesta rett til prioritet etter bhg.lova § 13 klagerett dersom dei ikkje får plass i prioritert barnehage.

Ventelister

Søkjarar som ikkje får tildelt prioritert plass ved hovudopptaket blir sett på venteliste. Ventelista er ikkje nummerert. Det betyr at søkjarane ikkje får ein nummerert plass på ventelista, men om ein plass blir ledig i løpet av året blir alle søkjarane vurdert, jf gjeldande opptakskriterium til den enkelte barnehage. Alle søkjarar som ikkje har fått førsteprioriteten sin oppfylt, kan bli ståande på venteliste ut barnehageåret dersom det blir kryssa av for dette på svarslippen eller om ein trekkjer søknaden.

Prisar for opphald

Alle barnehagane i Giske kommune følgjer maksimalpris som staten har vedteke for full plass i barnehage, kr 2 580,- per mnd. I tillegg kjem kostpengar, - sjå vedtekter til den enkelte barnehage. Pris for delt opphaldstid kan variere frå barnehage til barnehage. Det blir gitt søskenmoderasjon, også om barn i ein familie har plass i ulike barnehagar i kommunen, og det er innført moderasjonsordningar for hushaldningar med låg inntekt. Les meir om modera­sjons­ordningane. Giske kommunestyre fastset betalings­satsar for opphald i dei kommunale barnehage, og eigarane for dei private barnehagane, innanfor rammene som Stortinget fastset i dei årlege budsjettvedtaka.

Oppseiing av plass - fristar

I Giske og Vigra barnehage er det to månaders oppseiingsfrist, dette gjeld frå første dag i kvar månad. For nokre av dei private barnehagane er det tre månaders oppseiingsfrist, sjå vedtektene til den enkelte barnehage.

Hypernet direkte - barnehage

sommerfugl.png

Giske oppvekstsenter - barnehage, Vigra barnehage og Daggry barnehage innfører no Hypernet direkte. Dette er ein modul for meldingar mellom barnehage og foreldre. Når du har fått brukarnamn og passord frå barnehagen, kan du logge inn direkte på www.direktebhg.no, eller du kan laste ned appen "Hypernet direkte foreldre" for Android eller iPhone.

Sist endra 15.02.2017
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

Pedagogisk konsulent barnehage
Sakshandsamar
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering