Om Giske kommune

Bilete frå Alnes - Klikk for stort bilete Roger Strand

Giske kommune er 40 km2 stor, og har 7.739 innbyggjarar (pr. 1. januar 2014) fordelt på dei 4 øyane Vigra, Valderøya (kommunesenter), Giske og Godøya.

Kommunen har eit særprega kystmiljø med storslått natur og idylliske fiskevær, og kommunen har dei seinare åra vore i positiv utvikling med mykje nybygging, eit blømande næringsliv og med styrking av sjølvkjensle og eigenart. 

Historie og attraksjonar

Giske kommune har ei spesielt rik kulturhistorie, med fleire gravfunn og fornminne som fortel om busetjing i fleire tusen år. På vestsida av Valderøya ligg Skjonghellaren, der det er funne restar av dyr og fugleartar som kan førast 30.000 år tilbake i historia. Marmorkyrkja på Giske vart bygd på 1100-talet av den mektige "Arnungeætta" og fungerer i dag som soknekyrkje for øya. Vikinghøvdingen Gange-Rolv kom frå Giske og grunnla hertugdømmet Normandie i Frankrike: Gange-Rolv er sett på sokkel i byen Rouen med kopi av statuen i byparken i Ålesund, og er minna med ein bautastein på Vigra. Alnes er ein særprega attraksjon med sommarkafe i den gamle fyrvaktarboligen og utsikt over hav og kyst frå fyret.

Kommunikasjonar

I dag bind bruer og undersjøiske tunnelar alle øyane i kommunen saman med fastlandet, med ei reisetid til Ålesund på ca 15. minutt. Ålesund lufthamn på Vigra er den største flyplassen i Møre og Romsdal med over 1 million reisande.

Avstand til Ålesund: 10 km
Avstand til Kristiansund (flyplass): 176 km
Avstand til Molde (flyplass): 80 km
Avstand til Åndalsnes (jernbane): 111 km.


Næringsliv

Giske er tufta på fiske, fangst og handel grunna nærleiken til havet og dei gode fiskeria ved og utanfor Mørekysten. I dag tel Giske omlag 280 verksemder og firma av ymse slag som dekkjer dei fleste næringsgreiner. Vekta ligg enno på primærnæringane og fiskeria, men der er òg mange aktive og større verksemder innanfor transport- og flyplasstenester, interiør- og trevareproduksjon og teknisk/ maritim industri - for å nemne nokre.

Skular/barnehagar

Det er eit godt utbygt grunnskuletilbod i kommunen med barneskular på alle dei fire øyane og ungdomsskular på Godøy og Valderøy. Kommunen har og kulturskule med 330 elevar (per 2010).

Kommunen har full barnehagedekning med to kommunale og fem private barnehagar.

Det er kort veg til dei vidaregåande skulane i Ålesund som har eit godt og variert tilbod om utdanning. Her finn vi og Høgskolen i Ålesund.

Bustadar/tomter/industriareal

Tomter og bustadar er enno rimelege i Giske. Kommunen planlegg å leggje ut ei rekkje bustadtomter for sal dei næraste åra, i tillegg til private tilbod som finst gjennom eigedomsmeklarar.

Giske har store areal regulert til industriutvikling - spesielt knytt til områda ved flyplassen, Gjøsundet og den nye fiskerihamna i Geilevika på Godøya.



Helse- og sosialtenester

Giske har ei yngre befolkning enn gjennomsnitt i Norge og Møre og Romsdal, og har difor lågare registrert behov for hjelpetiltak enn vanleg. Helsevern og sosial omsorg er likevel ei svært viktig kommunal oppgåve, og er ein av dei tyngste sektorane i kommunen. Kommunen driv aldersheim, eldresentra og helsetun.

Buss og båtruter

Vis veg (Statens vegvesen)
 

 

Publisert av Reidunn V. Strømsheim. Sist endra 09.06.2015
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering