Beskriving
Dette er ei støtteordning til tettare nyplanting og suppleringsplanting etter hogst på eksisterande skogareal. Målet er å auke talet på skogplantar ved forynging av eksisterande skogareal.
Alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog, og som har oppfylt kravet om minimum utplantingstal, kan søkje om tilskott.
Målgruppe
Kriterium
Alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog, og som har oppfylt kravet om minimum utplantingstal, kan søkje om tilskott.
Pris
Handsaming
Søknadsfrist
Frist for å levere søknad til kommunen er 1. august for vårplanting og 7. november for haustplanting.
Klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjort vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Vedlegg
Rettleiing
Brosjyrar
Oppdatert
Handsamingstid
Kommunen/Fylkesmannen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner at vedtaket blir gjort.
Mottakar