Returordningar for avfall

Beskriving

Det finst ulike returordningar for ulike typar av avfall som skal brukast om att. Kommunen har plikt til å ta imot visse typar avfall. Det gjeld òg produsent eller forhandlar.

  • Kasserte elektroniske og elektriske produkt (EE-avfall, inkluderer kuldemøbel) 
    Kommunen skal sørgje for at det finst eit dekkjande tilbod for mottak av EE-avfall. Du kan òg levere EE-avfall til ein forhandlar. For hushalda er dette gratis. Leverer du næringsavfall til ein forhandlar, vil det ikkje koste noko dersom du samstundes kjøper ei tilsvarande mengd EE-produkt. 
  • Miljøskadelege batteri 
    Du kan levere batteria gratis i retur til forhandlaren når dei blir kasserte. Plikta er avgrensa til den kategorien batteri som forhandlaren sel. 
  • Kasserte dekk 
    Forhandlaren har plikt til å ta kasserte dekk gratis i retur. 
  • Flasker og boksar (emballasje til drikkevarer)  
    Utsalsstader har plikt til å ta imot ei rimeleg mengd returar av tomemballasje som går inn i ei panteordning og som dei sjølve forhandlar. Du kan krevje å få pantesummen utbetalt kontant 
  • PCB-haldige isolerglasruter 
    Isolerglasruter produserte fram til 1980 kan innehalde PCB og skal leverast inn som farleg avfall. Hushald kan levere PCB-ruter gratis til kommunalt avfallsmottak. Kommunen har plikt til å ta imot inntil 500 kg PCB-ruter per år per avfallseigar.
  • Mindre fritidsbåtar Båtar utan innanbordsmotor som ikkje er større enn 15 fot kan leverast vederlagsfritt til kommunen.

Målgruppe

Hushald og verksemder

Oppdatert

14.03.2019 09.47.13