Kulturminne - søknad om løyve til inngrep

Beskriving

Vil du setje i gang eit mindre tiltak som kan verke inn på automatisk freda kulturminne, må du melde frå / søkje kulturminnestyresmakta i fylkeskommunen eller Sametinget (for samiske kulturminne) så tidleg som råd før tiltaket blir planlagt sett i verk. Gjeld planlegginga eit større tiltak, skal saka også sendast til fylkeskommunen eller Sametinget sjølv om det ikkje er kjennskap til kulturminne i området. Automatisk freda kulturminne frå oldtid eller mellomalder (eldre enn år 1537) eller samiske kulturminne eldre enn 100 år er freda etter kulturminnelova. Eksempel på slike kulturminne kan vere gravhaugar, offerplassar, dyregraver og bautasteinar. Kulturminna kan vere på land eller under vatn.

Målgruppe

Den som skal setje i gang eit tiltak, dvs. private personar, verksemder, osb.

Kriterium

Gjeld tiltak som for eksempel grøfting, skogplanting og oppføring av bygningar. Dersom det gjeld større private tiltak, skal alle desse sendast til fylkeskommunen eller Sametinget.

Handsaming

Fylkeskommunen, Sametinget og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at saken vil bli avgjort. Det er Riksantikvaren som gjer vedtak og gjev løyve eller nektar tiltaket. I vedtaket kan det bli stilt vilkår om arkeologisk utgraving som må betalast av tiltakshavaren. Miljøverndepartementet er klageinstans.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Klage

Du kan klage på Riksantikvaren sitt vedtak om å gi løyve eller nekte tiltaket. Dersom vedtaket inneber vilkår om arkeologiske utgravingar, kan du også klage på det. Klagefristen er seks veker. Klaga sender du til Riksantikvaren, som skal vurdere om det grunn til å endre vedtaket. Dersom vedtaket blir halde ved lag, sendast saka til Miljøverndepartementet.

Vedlegg

Omtale av planen/tiltaket.

Rettleiing

Søknaden sendast til kulturminnestyresmakta i fylkeskommunen eller Sametinget (for samiske kulturminne). Styresmakta skal vurdere om tiltaket er i konflikt med kulturminne, og i tilfelle sende saka vidare med si tilråding til Riksantikvaren. Det kan vere aktuelt med synfaring og registrering av kulturminna. Det kan normalt berre skje når det er snøfritt.

Oppdatert

19.12.2005 12.22.21

Mottakar

Kulturminnestyresmakta i fylkeskommunen eller Sametinget (for samiske kulturminne).