Forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift - betaling og innkrevjing

Beskriving

Frå og med 1. januar 2009 er det felles frist for at arbeidsgjevarane skal sende inn oppgåve og oppgjer av forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift. Fristen er den 15. i månaden etter utløpet av kvar av dei seks tomånadsvise terminane (januar/februar - mars/april osb.) Du betalar til bankkontoen for skatt til skatteoppkrevjaren (kemneren/kommunekasseraren). 

Ved utelaten betaling blir det rekna forseinkingsrenter frå forfall og fram til betalinga skjer. Dersom kravet ikkje blir betalt frivillig, vil skatteoppkrevjaren setje i verk tvangsinnfordring og kostnader kan kome til etter rettsgebyrlova.

Innan 31. januar i året etter inntektsåret skal du sende melding om lønns- og trekkoppgåver.

Målgruppe

Arbeidsgjevarar - verksemder

Brosjyrar

Meir informasjon finn du på heimesida til skatteetaten. Vel arbeidsgjevaravgift under Alt om.

Oppdatert

12.02.2015 10.25.38