Vinnarar av gåvekort

Giske kommune har trekt ut tre vinnarar av fotokonkurransen og ein person som får premie for deltaking i spørjeundersøkinga.

Vinnarbilete av Jan Flisnes.   

Vinnarar av fotokonkurransen #Giske2030 er:

1. plass: jan_flisnes_photography - gåvekort på Atlanterhavsparken for 5 stk voksne (verdi 1075 kr)
2. plass: norwasiansisters - gåvekort på Odeon kino (verdi 675 kr)
3. plass: sprellemelle -  gåvekort på Pizzabakeren (verdi 500 kr)

Det var 145  personar som svarte på spørjeundersøkinga i samband med arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Bjørn Erik Sunde får gåvekort på 500 kroner frå PSS Catering & Cafe for si deltaking. 

Fotokonkurransen og spørjeundersøkinga  har vore viktig for kommunen for å få innspel frå innbyggarane. Bileta som var med i fotokonkurransen ønsker kommunen å bruke i det vidare arbeidet med kommuneplanen. Fotograf vil bli kontakta dersom dette blir aktuelt.