Varsel om oppstart detaljregulering gnr 183 bnr 635 og del av bnr 29 - Joteigen, Valderøy

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 og vedtak i Komité for miljø og tekniske saker 06.12.2018, sak 076/18, vert det med dette varsla om at det er sett i gong planarbeid for gnr 183 bnr 635 og del av gnr 183 bnr 29 ved Joteigen i Spar-området på Valderøya. Området er regulert frå før.

Hovudformålet med planarbeidet er følgjande:

  • Kommunen ønskjer å oppdatere del av gjeldande reguleringsplan Skaret
  • Leggje til rette for moderat fortetting i området
  • Regulere til frittliggjande bustadar, kjeda einebustad og opparbeidde leikeplassar

Varsel om oppstart av planarbeid vert sendt til grunneigarar innanfor planområdet, naboar til planområdet, offentleg mynde og høyringsinstansar. Plandokumenta vert lagt ut under kunngjeringar på heimesida til Giske kommune og i resepsjonen på rådhuset. I tillegg vert det annonsert i lokalavis og på Facebook. Dersom nokon ønskjer plandokument tilsendt på papir/elektronisk, ta kontakt med resepsjonen på rådhuset  på tlf. 70 18 80 00 og gje opp referanse som vist ovanfor i «vår ref.:18/1550».

Innspel og synspunkt vert å sende til Giske kommune, Teknisk eining, Valderhaug 4, 6050 Valderøya eller til post@giske.kommune.no  innan 24.10.2019. Innkomne merknadar vil ikkje bli svara på før etter politisk handsaming. Merknadane blir vurdert i saksdokument som blir handsama politisk og dei som blir råka av planen/har kome med merknad blir varsla med brev ved nytt vedtak. Dersom nokon har servituttar innanfor planområdet må dette kome fram i samband med merknad til varsel om oppstart.