Valet 2019

Klikk for stort bileteVALRESULTAT FOR GISKE: SJÅ https://www.nrk.no/valg/2019/resultat/nb/sted/1532 

Kommunen har eiga nettside om valet i Giske kommune her, der artiklar om temaet vert lagt ut forløpande. Meir allmen informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 ligg på nett her.


Røystestadar i Giske kommune 9. september 2019:

Godøyhallen
Giske skule
Giske kommunale idrettshall
Vigrahallen
Opningstida er frå kl. 09.00 til kl. 21.00 på alle røystestadane.


MANNTALET
For å kunne røyste ved valet måndag 9. september, må du vere innført i manntalet.  Du blir innført i manntalet i den kommunen du var folkeregistrert som busett i pr. 30. juni i valåret og skal røyste til den kommunen.  Har du flytta rundt den datoen, er de viktig å sjekke manntalet.

Manntalet vil bli lagt ut i Giske rådhus, servicekontoret, ca. 15. juli.

VALKORT
Valkort vil bli sendt ut til alle røysteføre innan 10. august.

FØREHANDSRØYSTING

Førehandsrøysting
Ordinær førehandsrøysting kan gjerast i perioden 12. august til 6. september i Giske rådhus.  På servicekontoret måndag – fredag frå kl. 08.30 til kl. 15.30. 
På biblioteket måndag og torsdag til kl. 19.00.  Gyldig legitimasjon (bankkort, førarkort, pass) må framvisast. Ta også med valkort.

Tidlegrøysting
Dersom du ikkje har høve til å røyste ved den ordinære førehandsrøystinga eller på valdagen, kan du nytte deg av den såkalla tidlegrøystinga frå 1. juli. Det vil bli mogleg å røyste ved servicekontoret i Giske rådhus i tida kl. 09.00 – kl. 15.30.

Ambulerande røysting
Dersom du pga sjukdom eller nedsett funksjonsevne ikkje kan kome til eit vallokale på valdagen, har du høve til å få røyste heime.  Ta kontakt med servicekontoret innan 4. september om du ønskjer det.

Røysting ved omsorgssentra
Giske omsorgssenter:  måndag 2. septemer kl. 10.15 – 11:00
Vigra omsorgssenter:  måndag 2. september kl. 11.15 – 12.00
Godøy og Alnes bukollektiv:  tysdag 3. september kl. 10.30 – 11.00

Informasjon:
https://valg.no/

Godkjende vallister ved kommunestyrevalet i Giske 2019: