Ruteendringar 2021 - innspel hastar

Klikk for stort bilete Møre og Romsdal Fylkeskommune varslar igangsetting av prosessen med ruteendringar for ferjer, hurtigbåtar og bussruter frå september. Evt. endringar vil gjelde frå 1. mai 2021.

Kommunane er bedne om å kome med innspel til prosessen så snart som mogleg, spesifiert på kvart enkelt transportmiddel, og vi ber om forslag frå innbyggarar, lag og organisasjonar i Giske kommune.

Fylket meldar om avgrensa økonomisk spelerom, og ønskjer difor at forslag til betre korresponderande ruter vert prioriterte. 

Vi ber om innspel innan 15. juni til post@giske.kommune.no merka "RUTEENDRINGAR 2021" for å få behandla desse politisk før ferien og avsending innan fristen til fylkeskommunen primo august.