Offentleg ettersyn - søknad om akvakultur for makroalgar i sjø på lokalitet Hamnøya i Giske kommune

Giske kommune legg ut søknad om akvakultur for makroalgar på ny lokalitet Hamnøya Sør i Giske kommune til offentleg ettersyn, jf. Forskrift om akvakultur, § 8.  

  

Søkjar er Nordi Ocean AS. Det er søkt om eit område på 180 dekar i overflateareal. Omsøkt areal ligg innanfor eit område som er sett av til akvakultur (NFFFA 1) i kommuneplanen for Giske kommune.

Tiltaket fell inn under forskrift om konsekvensutgreiingar. Søknaden skal behandlast etter kapittel 3 Vurdering om planar eller tiltak etter § 8 krev konsekvensutgreiing (§§ 9-12).

Meiner ein at tiltaket kan få vesentlege verknader som ikkje er tilfredsstillande utgreidd i søknaden, eller har andre merknader til søknaden, må det sendast til kommunen.

Eventuelle merknader skal sendast til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya,
eller til post@giske.kommune.no innan 22.10.2022.

Kommunen vil etter at fristen er gått ut gi uttale til søknaden, og sende innkomne merknader til fylkeskommunen for vidare handsaming. Merk brev med saksnr. 22/1173.

 

Vedtaksdokument: Akvakultursøknad for makroalgar i sjø på lokalitet Hamnøya Sør i Giske kommune (L)(941741) (PDF, 505 kB)

Andre dokumenter i saka: Dokument 22/9326 - Akvakultursøknad for makroalgar i sjø på lokalitet Hamnøya Sør i Giske kommune - Giske kommune - Hovedportal

Viktige lenker

Ukraina