Ny barnehage Godøy, detaljplan - varsel om oppstart av planarbeid

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-3 og 12-8 blir det med dette varsla om igangsetjing av privat detaljregulering for eigedomane gnr./bnr. 124/55 og 378 m. fl. på Godøya i Giske kommune.

NLM-barnehagene AS Avd. Tryggheim Barnehage, Godøy er forslagsstillar og OSE er plankonsulent for planarbeidet.

Planområdet

Planavgrensing ny barnehage/bustad, Godøy stadion

• Plangrensa følgjer eigedomsgrense til gnr./bnr. 124/55, med nordleg del av gnr./bnr. 124/248.

• Arealet er på omlag 9,4 daa.

Planavgrensing gamle Tryggheim barnehage

• Plangrensa følgjer eigedomsgrense til gnr./bnr. 124/378, 517, 562 og 563.

• Arealet er på omlag 4,3 daa.

Mål med planarbeidet

Målsetjing med planen er å leggje til rette for:

• Ny barnehage med 6 avdelingar/eventuelt bustadar ved Godøy stadion

• Regulere inn felles parkering med Godøy IL

• Omregulere dagens barnehage (gnr./bnr. 124/378 m. fl.) til bustadar; konsentrert småhus

• Sikre trygg tilkomst

Informasjon og medverknad

Det vil bli sendt varsel om oppstart til naboar og gjenbuarar, kunngjering i lokal avis og på nettet, i samsvar med pbl. § 12-8. For nærare informasjon ta kontakt med OSE, mob. 974 89 987 eller e-post bjarte@oseing.no .

Meir informasjon

Møtereferat frå oppstartsmøtet 19.03.2019, varslingsbrev og forskjellege kart blir lagt ut på Giske kommune sine heimesider under varsel om oppstart og på OSE sine heimesider under kunngjeringar.

Merknadar til oppstartsmeldinga

Merknadar som har verknad eller interesse for planarbeidet kan sendast:

OSE AS på e-post firmapost@oseing.no .

eller

OSE AS

Vikegata 19 A,

6150 Ørsta

Frist for merknadar vert sett til 05.07.2019. Merk fråsegn med P1545.

Alle mottekne dokument og merknadar blir sendt kommunen saman med planframlegget.