Kunngjering om utlegging av eigedomsskattelister 2022

På bakgrunn av kommunestyret sitt vedtak om utskriving av eigedomsskatt (sak 63/13) for 2014, og med heimel i eigedomsskattelova § 15, legg ein ut eigedomsskattelistene til offentleg gjennomsyn i tre veker frå 24.02.22.

 

Kommunevåpenet til Giske kommune. - Klikk for stort bilete

 

Listene syner dei skattepliktige eigedomane med opplysningar om adresse, matrikkelnr. (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsar  og utrekna eigedomsskattebeløp. Skattelistene vert lagde ut på servicekontoret på rådhuset og på kommunen si heimeside.

Kommunestyret vedtok (sak 091/20) å auke eigedomsskatten til 4 ‰ i 2021.

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klage på same grunnlag som tidlegare år. Klaga må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker (04.04.22).

Eigedomsskattekontoret har adresse:

Giske kommune, rådhuset, Valderhaug 4, 6050 Valderøya

E-post: post@giske.kommune.no

For bustadeigedomar der det er brukt skatteetaten sin bustadsverdi som grunnbeløp for utrekning av eigedomsskatten, skal klage sendast til skatteetaten.

Skatteetaten har adresse:

Skatt Midt-Norge, Postboks 2060, 6402 Molde

www.skatteetaten.no/bolig

Sjå listene her: 

Alminneleg taksering - offentleg ettersyn  (PDF, 210 kB)

Formuesgrunnlag - offentleg ettersyn (PDF, 568 kB)

Fritak - offentleg ettersyn (PDF, 277 kB)