Listene syner dei skattepliktige eigedomane med opplysningar om adresse, matrikkelnr. (gards-, bruks- og festenummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsar og utrekna eigedomsskattebeløp. Skattelistene vert lagde ut på servicekontoret på rådhuset og på kommunen si heimeside.
Kommunestyret vedtok (sak 119/19) å auke eigedomsskatten til 3 ‰ i 2020.
Frå 1. januar 2020 var det endring i eigedomsskattelova § 8 a-2: «Skattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader vert sett til verdet multiplisert med 0,7». Denne endringa er innarbeida i berekningsgrunnlaget.
Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt dersom det ikkje er klage på same grunnlag som tidlegare år. Klaga må sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker (06.04.20).
Eigedomsskattekontoret har adresse:
Giske kommune, rådhuset, Valderhaug 4, 6050 Valderøya
E-post: post@giske.kommune.no
For bustadeigedomar der det er brukt skatteetaten sin bustadsverdi som grunnbeløp for utrekning av eigedomsskatten, skal klage sendast til skatteetaten innan seks veker.
Skatteetaten har adresse:
Skatt Midt-Norge, Postboks 2060, 6402 Molde
www.skatteetaten.no/bolig
Meir informasjon: