Kulturmidlar

Klikk for stort bileteVåren nærmer seg og tida er komen for å søkje kommunale kulturmidlar. Søknadsfrist for alle ordningane er: 15.04.2019. Alle søkjarane må sende inn søknaden elektronisk på: http://giske.kulturkontoret.no

Tilskott ungdomsmidlar

Giske kommune gjev tilskot til ungdomstiltak. Alle kan søkje. Tiltaka skal ikkje gå til ordinær drift av lag og organisasjonar, men til ungdomstiltak som engasjerer utover ordinær drift. Lag og organisasjonar som samarbeider på tvers, og som skaper nye tilbod som ungdommen etterspør, vert prioritert. Ein ynskjer ei kortfatta handlingsplan, og ein vil også sjå kva resultat tiltaket gjev i form av informasjon både føre, under og etter gjennomføring. Dette kan gjerast via e-post. Bilete eller korte video innslag er også godt nok som dokumentasjon saman med ei forklaring. Barnas og ungdommens kommunestyre gjennomgår søknadane og gjev tilråding til fordeling av tilskot. Det er avsett kr 50.000. Referanse: Ungdomsmidlar 19/73

 

Tilskott idrett

Midlar til idrett vert fordelt til alle lag som er medlem av NIF og som høyrer heime i Giske kommune. Søknad sendast til kommunen. Giske idrettsråd tilrår til fordeling av tilskot. Det er avsett kr 95.000 Referanse: Idrett 19/74

 

Tilskott musikk

Musikk omfattar: kor og korps i Giske kommune. Søknadar sendast til kommunen. Giske musikkråd tilrår til fordeling av tilskot. Det er avsett kr 95.000. Referanse: Musikk 19/76

 

Kulturminne og museum

Lag og organisasjonar kan søkje om tilskott til ulike tiltak innan kulturminne og museumsarbeid i kommunen. Tilskott vert fordelt av Museums- og kulturminnerådet i Giske i samsvar med gjeldande museums - og kulturminneplan for Giske kommune. Det er avsett kr 35.000. Referanse: Kulturminne og museum 19/77

 

Det er fleire årsaker til at midlane har blitt noko redusert i høve fjorårets midlar. Giskespelet har vore så heldige å få tildelt kr 75.000 i årleg støtte frå fylkeskommunen for åra 2019 - 2021. Denne tildelinga kjem med ein føresetnad av at Giske kommune tildeler minst same sum. Dette er ein ny føresetnad som ikkje har gjeldt på mange år. På budsjettet for 2019 står det kr 25.000 til Giskespelet. For å unngå at Giskespelet misser kr 50.000 i fylkeskommunal støtte, har Komite for oppvekst og kultur, i samråd med rådmannen, kome fram til at det er fornuftig at vi finn kr 50.000 til slik at Giskespelet får maksimal utnytting av løyvinga. Dette er også spesielt viktig i den fasen Giskespelet no er inne i der dei prøver profesjonalisere spelet i enda sterkare grad og gjere dette til meir heilårleg verksemd. Som dei fleste kjenner til, så er Giske ei ROBEK-kommune. I praksis betyr dette at der ikkje er fleire midlar å hente enn dei som allereie ligg i kulturbudsjettet. Dette er grunnen til at vi, ut frå ei heilskapsvurdering, har kome til at vi bør finansiere tildelinga til Giskespelet via kulturmidlane som skal gå til kulturlivet. Mesteparten er omdisponert frå pottane kulturmidlar anna og museum og kulturminne, littegrann er omdisponert frå idrett samt sang og musikk.

Vi ber om aksept for at vi måtte ta dette grepet i 2019 og vonar på forståing. Vi vil jobbe for å finne meir føreseieleg ordning for heile kulturlivet frå 2020 av.