Kulturmidlar 2018

Våren nærmer seg og tida er komen for å søkje kommunale kulturmidlar. Søknadsfrist for alle ordningane er: 15.04.2018. Alle søkjarane må registrere søknaden elektronisk på: http://giske.kulturkontoret.no 

Tilskott ungdomsmidlar

Giske kommune gjev tilskot til ungdomstiltak. Alle kan søkje. Tiltaka skal ikkje gå til ordinær drift av lag og organisasjonar, men til ungdomstiltak som engasjerer utover ordinær drift. Lag og organisasjonar som samarbeider på tvers, og som skaper nye tilbod som ungdommen etterspør, vert prioritert. Ein ynskjer ei kortfatta handlingsplan, og ein vil også sjå kva resultat tiltaket gjev i form av informasjon både føre, under og etter gjennomføring. Dette kan gjerast via E-post. Bilete eller korte video innslag er også godt nok som dokumentasjon saman med ein forklaring. Giske Ungdomsråd gjennomgår søknadane og gjev tilråding til fordeling av tilskot. Det er avsett kr 50 000. Referanse: Ungdomsmidlar 18/113

 

Tilskott idrett

Midlar til idrett vert fordelt til alle lag som er medlem av NIF og som høyrer heime i Giske kommune. Søknad sendast til kommunen. Giske Idrettsråd tilrår til fordeling av tilskot. Det er avsett kr 100 000 Referanse: Idrett 18/206

 

Tilskott musikk

Musikk omfattar: kor og korps i Giske kommune. Søknadar sendast til kommunen. Giske. Musikkråd tilrår til fordeling av tilskot. Det er avsett kr 100 000. Referanse: Musikk 18/207

 

Kulturminne og museum

Lag og organisasjonar kan søkje om tilskott til ulike tiltak innan kulturminne og museumsarbeid i kommunen. Tilskott vert fordelt av Museums- og kulturminnerådet i Giske i samsvar med gjeldande museums - og kulturminneplan for Giske kommune. Det er avsett inntil kr 55 000. Referanse: Kulturminne og museum 18/205

 

Kulturmidlar – anna er kulturmidlar til særskilde tiltak. Dette er tiltak som fell utanfor musikk og idrett, og  skal merkast med referanse: Kulturmidlar anna 18/208