Klima- og energiplan i Giske kommune 2021-2030 - varsel om oppstart av planarbeid og høyring av planprogram

I fylgje Parisavtalen som Norge har forplikta seg til å oppfylle, må vi redusere våre klimagassutslipp med 40 % innan 2030. I Statlige retningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing, med ikraftredelse 28.09.2018, er det presisert at kommunane «skal gjennom planlegging og øvrig myndighets- og virksomhetsutøvelse stimulere til, og bidra til reduksjon av klimagassutslipp, samt økt miljøvennlig energiomlegging. Planleggingen skal også bidra til at samfunnet forberedes på og tilpasses klimaendringene (klimatilpasning).»

 

Giske kommune jobber aktivt både på regionalt og lokalt nivå for å bidra til å følgje opp forpliktelsene i Parisavtalen og FNs berekraftsmål 13 «Stoppe klimaendringar». På regionalt nivå deltar Giske kommune i ei samarbeidsgruppe for å utarbeidde Klima-, areal og transportplanen for Ålesundsregionen. Målet med samarbeidet er å kome fram til ein felles, omforeint og forpliktande plan som ser arealbruk og transport i samanheng på tvers av kommunegrensene - i eit klimaperspektiv, slik at regionen kan utvikla seg på ein berekraftig måte og gi gode rammer for vidare vekst. På lokalt nivå er Giske kommune i gang med rullering av Klima- og energiplanen for Giske kommune. Klima- og energiplanen skal ta for seg dei utfordringar og løysingar utpeika i den regionale planen og finna lokale løysingar for å nå klimamåla innan 2030.

 

Klima- og energiplan i Giske kommune vert utarbeida som en temaplan, men for å få mest mogleg innspel frå publikum, skal den leggjas ut til offentleg høring, på like linje som kommunedelplanar og reguleringsplanar. Giske formannskap godkjende oppstart av planarbeidet og høyring av planprogrammet 20.06.2019 i saknr 098/19. Planprogrammet utgjer første del av planprosessen, som formelt sett startar ved at planarbeidet vert kunngjort og lagt ut til offentleg ettersyn. Planprogrammet vert lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker.

Merknadar til planprogrammet og/eller innspel til planarbeidet kan sendast på epost til post@giske.kommune.no  , eller per brev med referansenummer 19/176 til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya.

Høyringsfrist er sett til 05.08.2019.

For spørsmål, ta kontakt med Angelica Talley, epost anta@giske.kommune.no .