Info: Re-start detaljregulering Støbakkvik, delar av gbnr. 124/19 m-fl. PlanID: 2015008

 Planarbeidet for området har lagt i bero sidan 2018 på grunn av ulike meiningar mellom grunneigarane om vidare utvikling. Dette førte til at området no er redusert frå 42,6 daa til 23 daa og omfattar berre gbnr/124/19 pluss nokre bustadparsellar aust for fylkesvegen.

Klikk for stort bileteFigur 1: Gammel plangrense. Varsla planavgrensing i 2015 var på 42,6 daa.   Historikk

  • Planavgrensing som vist i figur 1 til venstre. A=42,6 daa (utsnitt kommunekart).
  • Oppstartsmøte vart halde i Giske rådhus den 10.12.2015.
  • Plan ID 2015008 
  • I mellomtida er kommuneplanen under revisjon med arealtillegg for bustad som angår dette planarbeidet
  • Kpl. Bgo-14.
  • Formål: Bustad.
  • Oppstart av planarbeid vart godkjent den 22.06.17 i komité for miljø og tekniske saker. Sak 036/17.
  • Kunngjort oppstart med merknadsfrist sett til den 18.08.17
  • Frå kulturminneavdelinga i fylkeskommunen ligg det føre merknad om potensiale for automatisk freda kulturminne, noko som seinare vart stadfest av Historisk museum jf. brev dat.27.06.19 jf. område merka R i figur 2.

 

Inkomne merknader

I samband med kunngjering om oppstart ligg det føre merknader frå sentrale styresmakter og frå naboar.
Styresmaktene er :
1. Fylkeskommunen i Møre & Romsdal datert 17.08 17
2. Fylkesmannen i Møre og Romsdal datert 17.08.17
3. Statens Vegvesen datert 12.07.17
4. NVE datert 10.07.17
5. Historisk Museum datert 27.06.19
I tillegg ligg det føre nokre merknader frå naboar til området.

Både offentlege instansar og naboar kan oppretthalde sine tidlegare merknader eller eventuelt korrigere desse i høve til dei endringar som nå blir gjort i omfang og innretning for område.

 

Klikk for stort bileteFigur 2: Ny planavgrensing. Planområdet er redusert til 23 daa og færre partar er råka av eller inngår i planarbeidet.    Ny avgrensing

Re-start av planarbeidet i samsvar med figur 2 til høgre. Areal er redusert til 23 daa og færre partar er råka av eller inngår i planarbeidet.
Formål: I hovudsak bustadformål.
Viser til møte med Giske kommune den 14.02.20 der grunnlaget for planarbeidet vart gjennomgått saman med plan og kommunalteknikk. Vidare viser ein til avklaring gitt i møte med Per Inge Aakvik den 07.10.19.
Merknader til planarbeidet kan sendast til:
Knut@abo-ark.no og merka «Reg Støbakkvik»
Frist innan 20 mars.

 

 

Knut Vikestrand
knut@abo-ark.no mob. 900 35 062

 

ABO-Plan & Arkitektur AS
Avdeling Stord Sæ 21, PB. 32, 5401 Stord