Høyring - endring av vegnamn på Giske - frå rundkøyringa og bort til Giske skule

Giske formannskap har i møte 20.06.19, etter innspel frå Namnenemnda, kome med framlegg om å namne denne vegen for Kalv Arnesons veg. Sakspapira finn de her.

Lokale organisasjonar som har særleg interesse av eller tilknyting til namnet og grunneigarar får no tilsendt framlegget til høyring med NY frist 30. september 2019.

Innspel sendast Giske kommune pr e-post post@giske.kommune.no eller pr brev til adressa Valderhaug 4, 6050 Valderøya. Vennlegst merk innspel med "16/1678".