Høyring av planprogram og kommunal planstrategi for kommuneplanen sin samfunnsdel 2021-2032

Merknadsfrist: 15. oktober 2020

Giske formannskap vedtok i møte den 24. august, sak 141/20, å sende forslag til planstrategi 2020-2023 og planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel 2021-2032 ut på høyring og offentlig ettersyn i seks veker. Dokumentet inneheld forslag til kommunal planstrategi for perioden 2020-2023 og planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel 2021-2032. I dokumentet har kommunen valgt å slå saman prosessen med kommunal planstrategi og planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel, noko plan- og bygningslova opnar for.

Formålet med planstrategien er at kommunestyret skal ta stilling til kva planbehov kommunen har i perioden 2021-2023, samt om gjeldande kommuneplan eller deler av denne skal reviderast, eller om planen skal vidareførast utan endringar. For planprogrammet er formålet å legge rammer for arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel og gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosessen og medverknad. Planprogrammet er første trinn i prosessen med revisjon av samfunnsdelen i 2020.

Vi ber om at eventuelle innspel (Merk med Snr. 20/103) blir sendt til post@giske.kommune.no eller til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya, innan 15. oktober 2020

 

Dokument:

Rev. 24.08.2020 Planstrategi 2020-2024 og planprogram for kommuneplanens samfunnsdel - Giske (DOCX, 2 MB)

Vedlegg; saksframlegg:

Forslag til planstrategi 2020-2023 og planprogram for kommuneplanens samfunnsdel 2021-2032 (L)(833323) (PDF, 585 kB)