Høyring av nytt vegnamn på Giske

Ny veg: Sandnesvegen

Namnenemda (Teknisk utval) vedtok i møte den 08.09.2022, arkivsak 22/225, eit nytt vegnamn på Giske (Gjerdehamna).

Vegnamnet blir lagt ut til offentleg høyring via Øyblikk, facebook og www.giske.kommune.no. Høyringsfristen er seks veker frå kunngjeringsdato.

Vi ber om at eventuelle innspel (merk med jnr. 22/225) blir sendt til post@giske.kommune.no eller til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya, innan fristen.

Teknisk utval gjer endeleg vedtak av namna når høyringsfristen er ute.